Alkokutt

        

Eg kan skylde på Corona, viruset ikkje ølet. Historien kan for så vidt starte og slutte der, men litt lenger forklaring kan eg då koma med. Som så mange andre godt voksne menn, så vart eg også noko meir opptatt av helse, kosthold og trening midten av 40 åra. Ønske var klart og tydleg, eg ønskjer å vera så aktiv som mogleg framimot og i alderdommen. Trening og helse vart då satt meir og meir fokus på, og har etter kvart vorte hovudfokus for min livsførsel. Resultata lot ikkje vente på seg, vekta gjekk ned og formen opp. Til meir eg las og fylgde med til meir bevist vart eg på alt ifrå økologisk, kortreist mat, til diverse typer diett. Viktigheiten av god og samanhengande søvn er det mange artiklar om, ikkje minst kva det har å bety for stresshormonet Kortisol, og for å oppretthalde så høgt som mogleg testosteron nivå.

Eg las og fylgde opp. https://iform.nu/sunn-livsstil/stress/kortisol-og-stress#for%20h%C3%B8yt%20kortisol%20farlig

Etter nokre år såg eg at til dømes styrke kunne koma tilbake til nivået eg hadde i 20 åra, og var veldig fornøgd når eg etter å ha fokusert på dette, som 50 åring greidde 160 kg i benkpress. Noko som var nesten det same som eg har som personleg rekord. Vekta har stabilisert seg der den var i tjugeåra, og kondisen er stadig på veg opp.

Men så… kva er den største enkeltfaktoren som er negativ for mi helse nå. Har som dei fleste andre vore glad i og nytt alkohol heile mitt vaksne liv. Etter eg har fått meir fokus på helse så vart eg klar over diverse anbefalte vekelege inntak, noko som er litt forskjellig frå land til land. Dette var likevel ikkje noko problem å stort sett fylje, sjølv om eg som oftast var godt over desse anbefalingane på ferier og i høgtider osv.

Alkohol kan ein få i seg på så mange måtar, og eg er mest glad i rødvin, rødvin til mat, og rødvin til kos.Ettersom økonomien har vore betre så har kvaliteten på vin også blitt betre. Finne «sayings» og uttrykk for dette er lett, om det er på nettet eller i ein kiosk i syden.

skjermdropp frå Pinterest

Eitt anna moment som har gjort at eg aldri har følt noko problem med mitt inntak av alkohol er at eg ikkje vert fyllesjuk eller dårleg dagen derpå. Har etter kvart funne ut at dette gjeld ein liten del av befolkninga, og eg er vist av dei heldige. Eller er eg det? Dette har sjølvsagt ført til at eg som oftast har trudd att mitt inntak kvelden før var heilt beskjedent, noko det ikkje alltid var.

Så var det Coronaen då. Når denne spredde seg og Norge ble stengt ned, så auka salget på vinmonopolet og annet salg av alkohol. Anbefalingene var å bruke sprit, ja fyrst og fremst til håndvask, men litt innenbords var vel heller ikkje å forakte? Skulle ein vera i heimekarantene, sjå Netflix mm, samt unngå sosialt samvær så var det då på sin plass at ein kunne kose seg noko ekstra!

Sjølv las eg mykje av det eg kom over angåande Covid19; smitte, risikogruppe, forebyggande, styrke immunforsvar osv. Las meg opp og lærte om Chagaens gode virking, om kvar eg kunne finne den, og korleis eg skulle bruke den som te i det daglege liv.

Skjermdropp frå Pinterest

Ja, eg fortsette å vart endå meir fokusert på helse, trim og kosthald. MEN så var det «elefanten i rommet» alkoholen.

Som nemd tidlegare så er glad i vin, har derfor trykt til mitt bryst alt og alle artikler, nyheter, forskingsrapporter (seriøse og useriøse) som fortalte om alkoholens helsebringende virkning. Alt for å rettferdiggjøre og forsvare mitt forbruk, og gleden ved å nyte eit og to glass vin.

Uansett så kunne eg ikkje unngå det faktum at drikke alkohol i ymse former totalt sett var det som sto att som det mest negative for mi eiga helse og velbefinnende nå. Ein Cognac eller Jäger for halsen har me alltid høyrt er bra, men det å innta alkohol i forbindelse med influensa eller anna sjukdom styrker ikkje immunforsvaret. Tvert imot så kan det ofte forlenge sjukdomsforløpet. https://www.nettdoktor.no/sykdommer/fakta/influensa.php

Helsegjevinsten med dei gode stoffa i rødvin osv, kan ein greitt oppnå på andre måter i eitt sundt kosthald. Det var fyrst og fremst med tanke på det eg hadde lest om alkoholens reduserande effekt på dei kvite blodlekamanes evne til å nedkjempe ei infeksjon, som gjorde at eg valte å ta ein «time out» i mitt alkoholforbruk.

Når påska så nærma seg, og eg på grunn av karantene reglar og hytteforbud måtte rekne med å vera aleine til fjells, var ramma satt. Sjølv med ei nokså full vinhylle med mykje godsaker i, nokre fine flasker Whisky, eksklusiv gin osv. på hytta, så hadde eg bestemt meg. Nå kutter eg på ubestemt tid all alkoholholdig drikke, som sagt så gjort.

Det fyrste eg merka var at det føltes rart, ja som om noko vesentleg mangla, når eg etter ein fleire timars skitur ikkje satte meg ned med ei kald øl i handa og verkeleg nøyt den. Hadde kjøpt inn alkoholfritt øl, men det var ikkje heilt det same….

Likeins var det på kveldane når god mat skulle lagast, har alltid storkosa meg med eit glas rødvin mens eg kokkelerer. Smak på sausen, smak på vinen, kjent varmen frå peisen, kokeplatene, vinen og hatt det heilt topp. Dette tok litt tid, ja nokre veker før ein boks med null øl var like etterlengta som ein vanleg boks med øl. Likeins så har det vore ein prosess å endre vaner, og ikkje drikke alkohol i ein del samanhengar som eg alltid har gjort det.

Har som så ofte før brukt internett som kunnskapskilde, til motivering og inspirasjon. Pinterest er som vanleg ein favoritt, og finne ein god del kjendiser som har droppa alkohol av ymse grunnar kan vera god lesning.

skjermdropp frå Pinterest

Har det vore noko savn? Ja, det må eg ærleg innrømme, eg har savna ein god rødvin til nokre betre middagar. Har og savna følelsen av «nå er det helg/fri» når ein kald boks vert opna. Har savna planlegging av måltid og finne rett vin til rett mat, for så og teste om dette stemmer.

Har eg merka noko positivt etter snar 3 mnd utan alkohol? Har til nå ikkje merka dei store endringane, men kan nemne nokre. Har fått betre tid, alkohol har tatt tid; Tid til innkjøp, tid der fokus og sinn ikkje har vore 100%, tid då eg ikkje har kunna tatt bilen eller gjort det eine eller andre pga at eg har drukke alkohol. Eg er meir til stades heile tida; dette er nok nokså innlysande effekt, med alkoholens noko sløvande effekt på hjerne og sansar, så vil ein oppleve at ein er meir bevist heile tida.

Søvnen har blitt betre; har for så vidt aldri hatt problem med å sovne, men mitt problem har vore at eg som oftast svært sjeldan søv meir enn 5-6 timar. Det tok litt tid, men nå etter nokre månader så har eg fått betre søvn, og søv nå ofte 7,5-8 timar. Noko som ifølge forsking vil ha ei stor positiv effekt på kroppen med reduksjon av stresshormon som Kortisol, redusert risiko for diabetes, hjarteproblem mm.

link til Fedon.no

Så kva er vegen vidare?

Er fullstendig klar over at eg er ein sta og nokså egen person. Når eg har bestemt meg så skal det ein del til for å få meg til å endre meining. Har for så vidt tenkt og planlagt at eg skal ha nokre køyrereglar å halde meg til, som til dømes at eg skal nyte ein god vin til eit måltid la oss sei ei gang i månaden. Er ein innom på ein Michelin restaurant, så er jau vin opplevelsen ein stor del av heilheiten av måltidet.

Noko som på ingen måte vil ha noko negativ effekt på immunforsvaret, som var min hovudgrunn til å ta ein periode med alkokutt. Men så er det noko anna som triggar meg vel så mykje, nemleg det å kunne enkelt kutte alkohol i eitt samfunn der alkohol vert bruka så mykje i sosiale samanhengar, og som sosialt lim. Gjera det føler eg styrker karakteren og for eigen del er svært tilfredsstillande. Det er mange samanhengar utover sommar, haust, ja heile året der det er og har vore heilt naturleg å nyte alkohol. Det kan derfor  vera spennande og interessant å teste ut lengre tid utan alkohol, så får framtida vise.

skjermdropp frå Pinterest