Arbeid mindre, lev meir

Dette er vel noko mange kan tenke seg? Og noko ein ofte kommer over i reklame for ein artikkel, YouTube snutt osv. Men kan ein få dette til? Det er mange bøkar ein kan lese om dette teamet. Mest kjent er vel Tim Ferris si bok «4-hour week», også Robert Kusaki er inne på dette i boka »Rich dad, poor dad» Der han skriver at noko av målet hans var å kunne trekke seg tilbake frå arbeidslivet som 50 åring, men når han faktisk kunne gjera det alt som 40 åring, så gjorde han det likevel ikkje. Dette forde han etterkvart elska arbeidet sitt, og følte ikkje noko press eller hadde behov for å tene meir pengar. Han gjorde det bare for å føle han var til nytte, kunne gjera noko meiningsfylt, ja «make a different» skriver han. Dette er ofte historien til mange svært suksessfulle personar, dei fortsetter å arbeide så lenge dei kan, ikkje på grunn av behov for meir inntekt eller formue, men av rein arbeidsglede -gjere noko meiningsfylt.

skjermdropp frå Pinterest

Arbeide mindre alt frå 50 åra

Dette er for mange nokså utopisk tanke, og lite gjennomførbart tenker nok dei fleste. Den beste måten å få dette til på, er å ha gjort dei beste og luraste vala alt i 20 åra. Men dei vala ein alt har gjort er ikkje noko ein kan endre på når ein er alt i 50 åra. Så kva kan ein då gjera om ein ynskjer å arbeide mindre alt som 50 åring. Fyrst så trur eg ein må tenke tanken og bli komfortabel med den. Dette forde heile samfunnet er bygd opp, og delvis fundamentert på at «arbeider ein mykje så er ein eitt godt samfunnsmenneske» Sjølv har eg vokse opp med ein stor beundring for dei som arbeide mykje og hardt, dette har vore innprenta i meg i frå barnsbein av. Har sjølv inntil for få år sidan meint at ha ein laurdag utan å gjera noko fornuftig arbeid, var ein bortkasta laurdag. Så få eit nytt tankemønster i denne samanheng er nok noko ein fyrst må endre.

Reknestykket

Ein kan tenke, planlegge og drøyme om noko. Men for meg så må det nokre tal på bordet for å sjå om dette kan gjennomførast. Sjølv er eg snart 52 år, noko som vil sei at eg har 10 år att til eg fyller 62 år. I følge SSB reknar ein 1750 timar pr årsverk i bygg og teneste statistikken. Dette gjer at ein med normalt arbeid vil arbeide 17 500 timar på 10 år. Går ein så utifrå at alle ynskjer å yte sin del til fellesskapet med å arbeide, skatte og tilnærma det som er gjennomsnittet. Så vert då reknestykket om ein då fordeler desse arbeidstimane på dobbelt så lang tid, noko som for meg vil sei 20 år, eller fram til eg er 72 år. Gjer ein det så skal min arbeidsinnsats i snitt vera 875 timar kvart år. Har ein så rundt 230 arbeidsdagar, vert det 3,8 timar pr dag, eller 19 timar kvar veke. Noko som då vil sei 50% stilling av 38 timars veke. Men er dette gjennomførbart? Det fyrste problemet ser eg er økonomi, er det mogleg å leva eit godt liv med å redusere arbeidstida med 50% ?

La oss sjå litt på det.

Kan ein leva godt med halv jobb? Fyrst kan ein sjå på nokre grunnleggende tal. Kva ein kvar har i inntekt er veldig forskjellig, men går ein utifrå ein artikkel i Nettavisa 27.08.19 så står det at gjennomsnittslønna er 45 600,- pr mnd. Dette gjev då ca 550 000,- pr år. https://www.nettavisen.no/okonomi/sa-mye-bor-du-tjene-her-er-gjennomsnittslonnen-i-300-yrker/3423588752.html

Ifølge skatteberegning på Neuvoo sine sider betaler ein då i snitt kr 135 000,- i skatt. ein har då kr 415 000,- igjen til livets opphald. https://no.neuvoo.com/skatt-kalkulator/Norway-550000

Reduserer ein lønna til halvparten nemleg 275 000,- vert skatten kr 42 000,- og ein sitter igjen med kr 233 000,-https://no.neuvoo.com/skatt-kalkulator/?iam=&uet_calculate=calculate&salary=275000&from=year&region=Norway

Differansen her er då på kr 182 000,- noko som ein differanse på heile 15 000,- Kvar månad. Korleis kan ein så dekke inn denne store forskjellen? Har ein 10 år igjen til ein er 62 år og tenker seg å vera gjeldfri då, og gjelda er til dømes på 1 mill, og ein er godt innanfor lånetakst Så viser DnBs lånekalkulator at ein vil ha ei månads kostnad på kr 9716,- Dersom ein tenker seg å stå i arbeid 10 år til, og utvidar betalingsplanen tilsvarande, så viser same kalkulator ei månads kostnad på kr 5 606,- Ein har då alt spart inn kr 4 110,- av differansen på kr 15 000,- og sitter att med ein forskjell på kr 10 890,- Ein ting som også kan nemnast her er at kroneverdien på grunn av inflasjonen etterkvart gjera at lånet automatisk vert mindre, når lønna aukar år for år. Nå er då heller ikkje dette noko sum å kimse av, og for mange vil nok dette vera vanskelege å kompensere fullt ut.Men, og eg meiner men. Her er det då åpning for mange andre faktorar ein bør tenke over og vurdere om ein seriøst kunne tenke seg eit alternativ dei siste åra i yrkesaktivt liv.

Vil bare nemne som eksempel;

Ikkje frådragsberettiga bilutgifter vil bli redusert. Køyrer du som eksempel 30 km kvar veg til jobb kvar dag. Når du arbeider fult er du på jobb 234 dagar, mens du nå jobbar 117 dagar, reknestykket vert då slik; 117 x (30km x 2) = 7020km x kr 4,00/km =  kr28 080,- Deler ein så dette pr mnd så vert det 28 080 / 12 = 2 340,- Ein kan òg spare ein del med å bruke meir tid på å lage mat frå grunnen av, og bruke tid på gode innkjøp. Ein kan endeleg få tid til å dyrke ein hobby, som også kan gje litt inntekt, eller redusere utgifter. Tenker her på til dømes fiske, jakte, bær og soppsanking. All statestikk viser at me i Norge brukar mykje pengar på vedlikehald og oppussing av eige hus og hage. Er ein i 100% jobb, så vert det ofte bruka noko innleigde tenester. Ser ein på dei faktiske kostnadene med å leige til dømes eitt målarfirma til å måle huset så vert dette kostbart. Som eksempel seier me det er satt opp 40 timar på jobben med å måle ein einebolig. Prisen er då 620,- kr pr time pluss mva. Dette gjev då eit reknestykke som ser slik ut.40 x 620 = 24 800,- + 25% mva som då er kr 31 000,- Med full jobb og den skattesatsen ein bruka i eksempelet over må ein då tene kr 40 000,- for å kunne betale for måling av huset. Ein er altså nesten 1 månad på arbeid for å leige inn andre folk til å gjera ein jobb som varer ei god veke. Sjølvsagt gjer proffe folk ein jobb raskare en ein oftast gjer det sjølv, og ofte har ein ikkje kompetansen som trengs. Men her kjem eit av dei neste punkta eg meiner er på lista over fordeler med å ta ein «tidleg» pensjon. Nemleg at du får tid til å lære deg noko nytt, hobby, jobb osv. Dette gjeld då sjølvsagt også alle dei andre tenestene ein leiger inn, som ein kan gjera sjølv med litt grunnkunnskaper.

Eksempla er mange, men dette er som alt anna svært personavhengig. Har ein moglegheit til å drive noko form  for utleige av ein kjellarleilegheit, hytte eller anna vil dette fort vera ei inntekt som kompenserer for tapt inntekt. Men nok om det, nå til fordeler.

Fordeler med å jobbe mindre tidligere

skjermdropp frå Pinterest

Miljø

Dersom ein gjer eit aktivt val om å jobbe mindre og leve meir før ein har full pensjon. Så vil dette tross alt for dei fleste bety at ein må redusere privatforbruket sitt ein del. Dette er truleg det beste bidraget einkvar kan gjera for miljøet, både lokalt og globalt. https://www.harvestmagazine.no/artikkel/hvorfor-vil-ingen-snakke-om-konklusjonene-i-rapporten-fra-fns-naturpanel

Helse

Ein og truleg den største fordel med å jobbe mindre tidlig er at ein får meir tid til å ta vare på egen helse. Arbeider ein bare 2-3 dagar kvar veke, så får ein tilsvarande dagar til fri disposisjon. Brukar ein så dette til meir trening, meir fokus på sunn mat og eiga helse. Vil dette gjera at ein med stor sannsynlegheit vil kunne arbeide lengre, og få betre år framover.

Inkludert

Høyrer ofte at folk som har slutta og arbeide savnar fellesskapet og det sosiale med jobben. Med å stå i arbeid 10 år lengre en det ein absolutt må, vil ein oppretthalde dette fellesskapet. Ein vil også måtte halde seg oppdatert og fylje med på nyvinningar som skjer innan sitt fagfelt. I tillegg er det utan tvil ein fordel på einkvar arbeidsplass å ha eitt visst antal seniorar i arbeidstokken.

Opplevelsar

Det er mange som bittert erfarer at når dei endeleg har tid til å reise og oppleve det ein drøymt om, så er ikkje helsa god nok til å gjennomføre det. Dei fleste er nok truleg i betre form som 50 åring enn ein er 10 år seinare, noko som gjev ein store moglegheiter. Snakkar ikkje her bare om reiser i utland eller DEN turen innanlands, nei tenker faktisk mest på opplevelsar i nærområdet. Ta ein fin dagstur, eller kanskje med ei overnatting på nokre vanlege vekedagar. Kunne ha meir enn bare helgene og dei vanlege feriane til å bruke til slikt, gjer at ein automatisk vil ha fleire godværsdager å velge i. https://friluftsglede.no/2019/05/06/sa-opp-jobben-for-a-leve-saktere-og-nyte-friluftsgleden/

Familie

Nå er også mange alt besteforelder når dei er i 50-åra. Ha moglegheit til å bruke meir tid til barnebarn vil også for mange kunne vera eit stort pluss. Eller kanskje ein har foreldre som trenger -og setter pris på noko meir tid i lag?

Oppsummering

Som nemnd tidlegare har det for meg alltid vore sett og oppfatta som positivt og bra at ein arbeider mykje. Det har derfor faktisk vore ein prosess eg har måtte gått igjennom for å endre tankemønsteret. Men faktisk så har eg nå byrja å like tanken på at eg etter kvart kan justere ned arbeidsmengda, i alle fall på den typa arbeid eg «MÅ» gjera. Greier eg å bytte bort den typen arbeid eg «må gjera» med det eg har lyst til å gjera, så er også mykje gjort. Nå har eg  aldri vore ansatt i noko firma eller i stat -kommune, men alltid vore eigen arbeidsgjevar. Så mykje av mitt fokus dei siste åra har vore på å etablere og skaffe meg inntekter som ikkje krev at eg må møte på ein stad eller på eit klokkeslett kvar dag. Så eg føler eg alt er på god veg for å kunne arbeide ein god del mindre alt nå mens eg er tidleg i femtiåra. Vil eg greie dette? Ja, det får vel bare tida vise.

Men å ha det som eit mål og ein draum, ja det har eg.

Posts Tagged with… , , , , , , , , , , , ,

Write a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.