Kjøttetar


Etisk kjøttspising


Me som er over snittet glad I kjøttmiddager har vel nærmaste fått maten I halsen, når me høyrer Gunnhild Stordalen gjennom organisasjonen EAT formane til mindre kjøttforbruk. I tabell publisert I VG den 19.01.19 er det anbefalt 14 gram kjøtt til dagen. Det er lite, ja veldig lite kjøtt. Men kan det vera noko i det?

klypt frå VG

Kjøttproduksjon i landbruket


Avsporinga er total slik eg ser det, når; Grassetande dyr som storfe, sau og geit vert klimaverstinger, dette på grunn av metangassproduksjon i forbindelsen med fordøyelsen. Sjølv om dette er tilfelle også i følge Landbruksamvirkets eiga nettside. Noko som organisasjonen EAT bruker for alt det er verdt i sin rapport om karbonavtrykk. Desse artene forvandlar planter som ikkje er menneskeføde til, ja nettopp menneskeføde. Metangassen eit resultat av at dei er drøvtyggere på lik linje med elg, hjort, rådyr og rein, noko som vil sei at dei er 4-maga.
I andre delen av skalaen med lite karbonavtrykk kjem gris, kylling, kalkun, egg osv. Gris er det dyret som ligger nærmast menneske når det gjeld indre organer, og blir derfor bruka mykje i medisinsk opplæring og forsøk. Grisen er derfor avhengig av konsentrert for på lik linje som kylling, høne og kalkun. Det dei vert fora med er kraftfor som i stor del inneheld forskellige korn, mais, soya, ja det meste som me menneske kan eta utan å vidarforedle det igjennom ein dyremage. Streva litt for å finne gode tal og tabellar, men fann eit tall på nettet, som seier at det går med 18 kg korn til å produsere 1 kg storfekjøtt. Dette tilsvarer då om eg minnes rett frå klasserommet på landbruksskulen, ca 36kg høy, eller 40 til 100 kg gras avhengig av kvaliteten og utviklingsstadie.

Nibio

Men det vert heilt feil å samanlikne karbonavtrykk frå kraftfôr basert husdyrhold kontra beitedyr. Det er ikkje noko alternativ å produsere korn i store delar av Norge. Men produsere fyrsteklasses storfekjøtt, sau og lammekjøtt av det skrinne jordsmonnet her, ja det gjeng ann. Slik det har blitt gjort dei siste 1000 åra, det er rett å slett ei fantastisk ressursutnytting.

Spennande trender

Ein kan argumenter og finne fakta, men det er som Louise Gray forfattaren av «The Ethical Carnivore» seier, bortkasta. Har nokon bestemt seg angående kjøttspising eller anna, så må ein vente til folk sjølve søker ny kunnskap.
Men heldigvis er det ein del som gjer det, slik som ho sjølv gjorde. https://munchies.vice.com/en_us/article/4x5nd3/meet-the-ethical-carnivore-who-spent-a-year-only-eating-animals-she-killed-herself
Grunnlegger av Facebook Mark Zuckerberg er ein anna, som alt I 2011 posta på Facebook sin årlege personlege utfordring, nemleg bare eta kjøtt frå dyr han sjølv har tatt livet av. https://www.huffingtonpost.com.au/2017/07/13/mark-zuckerberg-will-only-eat-meat-he-kills-himself_a
Kan bare såvidt forestille meg oppstyr og sjau med å få dette til i Silicon Valley. Men det gjev meg også tankar om at dette absolutt er gjennomførbart andre stader, ikkje minst i ei fjellbygd i Norge
Det syner vel meir at om viljen er tilstades, så gjeng det meste ann å få til.

Skjermdump frå www.munchies.vice.com

Endre seg sjølv?

Sjølv om eg er glad I kylling, kalkun og grisekjøtt. Så er mi personlege erfaring og opplevelser i landbruket og slakteri, i same rekkefølge, når det gjeld stress, dyrehensyn og dyrevelferd. Så om eg etterkvart skal vri mitt kjøttforbruk over på ei meir etisk linje eg kan stå inne for, så vil nok kylling og kalkun forsvinne fyrst frå menyen. Så var det grisen, ikkje noko stort savn for min del, einaste bacon då…men kan nok etterkvart greie å fase det ut.
Lam og storfe som får vera ute å beite, har etter mitt syn og erfaringer det mest naturlege og etisk forsvarlege livet på Guds grønne jord, før dei havner I gryta. Så eg får rett å slett sei Fuck karbonavtrykk, her veg etikken høgare, av kommersiell matproduksjon vert då derfor desse førstevalg.

Vilt

Men eg har tross alt det ultimate økologiske, etisk forsvarlege, kortreiste kjøttet i fryseren. Det kjøttet som i utgangspunktet gjorde området her befolka når isen trekte seg tilbake for nokre tusen år sidan. I tillegg har det kjøttet gjeve meg god trim, mykje bevegelse, svette, tårer og latter. Alle kjemiske prøver og analyser viser at dette kjøttet ligg langt over kommersielt kjøt når det gjeld protein, fettprosent, mikronæringsstoffer og økologisk sporbarhet.
Ser at Naturvernforbundet også konkluderer med det same på deira heimeside, i artikkelen Miljøvennleg kjøtt.
Etikken og humaniteten i avliving og slakting står eg for sjølv, den vert verken verre eller betre en det eg sjølv greier å presterer. Men uansett eg er sjølv i førersete og har full kontroll.
Så er kanskje Zucklebergs sin ide om å bare eta kjøtt frå dyr ein sjølv har avliva er vegen å gå?

Hausten 19, Glaimane

Har forsåvid byrja å gå den vegen alt, utan og bevist tenkt over det.
Men likevel vera open for noko moderering og kompromisser er nok lurt å ha med seg på denne vegen.
Tenker då at kjøtt frå vilt fått i felleskap på eit jaktlag, absolutt bør aksepterast.
Er ein ute å reiser så kan ein gjera ein innsats i å lese menyen godt og vera meir bevist kva for kjøtt ein får servert. Fyrst tenker ein kanskje det vert mykje styr, men eg trur faktisk at ein med slik bevisstgjøring vil gjera kvart måltid meir interessant og lærerikt. Som med alle ting gjeld det å «skynde seg langsomt» noko eg trur vil vera lurt om ein vil vri kostholdet denne vegen ‘og.
Sitter då at med nokre få men for meg truleg gjennomførbare endringar;

• Fase mest mogleg ut kjøpt kjøt frå menyen, for etterkvart gå over til å nesten bare bruke kjøtt frå sjølvskutte -slakta dyr.
• Kjøpe lam og slakte sjølv, som eg gjorde før når eg dreiv med sau.
• Kjøpe lam, storfe og anna kjøtt rett frå garden -småskalaprodusenter.
• Velg kjøtt frå vilt, beitedyr, økologisk frå menyen om ein kjøper mat ute

Fortelje seg sjølv at «Målet ikkje er livet, det er vegen mot målet som er livet»

Bon appetite

PS. Er sjølv ansvarlege for drift, utsjånad, oppdatering mm av websida til Bloggen. Er derfor ikkje sikkert alt fungerer heilt 100%. Såg eg måtte «godkjenne» komentarer manuelt, på fyrste innlegget, kanskje det virkar nå. Men ikkje la det hindre deg i å gje ein kommentar.

Knut