Keto og ketodiett

Vekt og målsetting

Har dei siste åra hatt eit mål om å krabbe nokre kilo ned på vektskalaen år for år.Målet har vore å halde på muskelmasse, kanskje auke den litt, samtidig som eg redusere feittprosenten litt. I fjor haust stabiliserte eg meg på rett under 100 kg, men fekk nokre kilo i tillegg iløpet av vinteren, var på rett veg utover ettervinter og vår, men av forskjellige grunnar stoppa det litt opp i Mai. Hadde satt meg som mål å krabbe ned til rundt 95 kilo iløpet av 2019. Det kan vera mange grunnar til at ein ynskjer å slanke bort nokre kilo. Helseeffekten er ein grunn, men også det at dei fleste ting vert enklare å gjera. For meg er det ynskje om det gode liv dei neste tiåra som er hovedmotivasjonen. Skal hofter, kne og anklar fungere godt i det aktive livet eg ynskjer å leva, så vil kvar kilo eg går ned i vekt, virke positivt inn. Har i diverse magasin blant annet Men`s Health lese om Keto, www.menshealth.com/weight-loss/a27629847/weight-loss-keto-diet-muscle-100-pound-transformation/ Har også skumma diverse artikler på nettet om denne dietten.

Kva er Keto?

Keto er på ein måte ein ekstremdiett, der ein kutter særleg på karbohydrat som energikjelde. Ein reduserer karbohydratinntaket så mykje at ein går inn i ketose. Ketose er kroppens backup system for å skaffe kroppen næring når glukose-lagra i kroppen er oppbrukt, dette skjer når karbohydrat uteblir eller går ned til eitt minimum på 30-50 gram kvar dag, dette vil varierer frå person til person. Då startar kroppens sikkerhetssystem produksjon av ei rekke enzym som kan omdanne fett til keton-stoffer, ei slik fettforbrenning kallas ketose. På ein del nettsider skriver ein at ketodiett er for dei som ynskjer å gå ned 10-15 kg eller meir, andre sider operer med andre tal. Nokre kan fortelje om ein vektnedgang på opp mot 10 kg på ein månad, mens andre har fått meir moderat vektreduksjon på 4-5 kg. Kva som er realistisk og oppnå er derfor ikkje så lett å sei.

Ketodietten

Dietten fokuserer på å kutte ut så og sei alt karbohydrat i kosten, og få energibehovet dekt fyrst og fremst frå fett, men også frå proteiner. Høyres flott ut å kunne kose seg med bacon, ostar, rømme, fløte osv. Men erfaringa viser at dette kan vera svært utfordrande over lengre tid for dei fleste. Som diagramet viser så skal ketodietten inneholde ca 5% karbohydrat, 20% proteiner og 75% fett.

Dette vil sei at pasta, potet, bakevarer og mest alt som inneholder alle typer mjøl er «fy» mat. Startar ein å leser varedeklarasjonen på matvarene så ser ein raskt at det er mykje ein må kutte ut. Men ein kan glede seg over å kunne eta mest alle typer grønnsaker, kjøtt, fisk, skalldyr og ein god del frukt og bær. Eit godt oppslagsverk er Pinterest, der ein finner hundrevis av oppskrifter og matvarelister om ein vil følgje ketodietten.

Skjermdump frå Pinterest

Start på keto

Har ein bestemt seg for å prøve Ketodietten så er det nokre råd som kan vera greie å fylje.

  • Les, lær og oppdater deg om dietten, for å vera sikker på at denne passer for deg
  • Kjøp deg Ketostix for å sjekke om du faktisk er i tilstanden Ketose
  • Sjekk og eventuelt kjøp nokre vitaminer som er anbefalt om du går på denne dietten. I Norge kan ein finne dette på https://ketolyse.no
  • Les og vær klar over dei få bivirkningenein kan oppleve på ketodiett, som «ketoflu»

Ketostix

Med desse sjekker ein spor av ketonstoff i urin, noko som bekrefter om ein er i tilstanden ketose. Vitaminer og mikronæringstoff. Det er anbefalt å ta ekstra tilskudd med; magnesium,selen, sink, krom og kalsium. Litt ekstra salt er også å anbefale, sidan ein kan miste ein del vatn og bli letter dehydrert i starten av ketodietten. Dette kan føre til bla hodepine,Ketoflu (ketoinfluensa) Det er i hovedsak saltmangel som er årsaken til ketoflu, noko som kan gje influensaliknende symtomer. Litt ekstra salt i litt vatn til dagen i overgansfasen vil ofte hjelpe. Ser det er anbefalt rundt 10 gram, men dette vil også variere frå person til person. Symptom vil oftast gje seg etter nokre dager, for nokre kan dei vare i over ei veke.

Fordeler med ketodietten

Når ein er i ketose vl ofte sultfølelsen vera mindre og ein spiser automatisk mindre mengde mat. Dette skyldes at ein får stabilt lågt blodsukker når ein går på dietten. Ein vil som oftast ha mindre søtsug. Stabilere humør dersom ein vanligvis har svingende humør ved svingende blodsukker. Fettforbrenning og vektnedgang

Ulemper ved ketodietten

Hodepine, svimmelhet, trøtthet og dårleg ånde vil ein kunne oppleve mest når ein starter opp på dietten, sjå ketoflu. Forstoppelse på grunn av endret og mindre fiberinnhold i kosten. Utmattelse og mindre yteevne etter trening, dette kommer oftest i oppstart av kuren, siden kroppen må omstilles til å ta energien frå karbohydrat til fett

Alkohol

Ein kan drikke alkohol når ein er på ketodietten, men det er nokre ting ein må vera klar over. Når ein er i ketose vil ein tåle mindre alkohol, det vil sei omtrent halvparten av det ein tåler normalt. Ein må/ bør velge alkohol som inneholder lite karbohydrat for å fortsatt vera i ketose. Det vil sei at ein bør velje; Tørr kvitvin, champagne med lite sukker Rødvin med lite sukkerinnhold Reint brennevin, vodka, wiskey,rom, tequila osv Unngå vanlig øl, les innholdsfortegnelsen godt Det er nå ein del light varianter som inneheld lite karbohydrat Drikke alkohol vil derfor ikkje få ein ut av ketose dersom ein vel lavkarbo eller karbohydratfrie produkter. Men det vil uansett sette fettforbrenninga på pause når ein får alkohol i blodet. Dette fordi kroppen vil alltid forbrenne alkoholen fyrst, før den opptar fettforbrenninga igjen

Skjermdump frå Pinterest

Prøve ketodietten?

Skal eg prøve ketodietten? er spørsmålet eg har stilt meg sjølv.

Etter å ha lest meg noko opp, og følgt med på sosiale mediar så ser det absolutt spennande ut å prøve dietten. Sjølv om mitt mål i kilo å slanke vekk ikkje er så mykje som ein leser at ketodietten passer best for, så kan det kanskje vera ein «kickstart» Ser at dietten kan vera utfordrande og krevje at eg må vera svært bevist på kva eg spiser til kvart måltid.

Dette utfordrer og trigger meg til å ville prøve dietten.