Det gode liv etter fylt 50 år!

Kan eg få dei beste åra i livet etter fylte 50?

For meg som er fyrst i femtiåra er dette ein tanke som eg har tenkt nokre gonger. Og ja, det trur eg absolutt er fult mogleg. Men som med mykje anna er det så sette seg klare, tydelige og definerte mål viktig. Ein seier det er mange vegar til Rom, på same måte er det mange vegar til det gode liv. Det kan derfor vera lurt å stille seg sjølv nokre enkle spørsmål

Skjermdump frå Kvinneguiden

For å få rett svar, må ein stille rett spørsmål

Har derfor satt opp nokre spørsmål eg har stilt meg sjølv, på søk etter det gode liv.

  • Kva er det gode liv for meg?
  • Når er eg mest glad/lykkeleg?
  • Kva har eg lyst til å lære, prøve og meistre
  • Kva for reisemål og opplevelsar er på min Bucketlist?

Kva er det gode liv for meg?

Dette er eit stort og altomfavnende spørsmål. Mange vil kanskje sei at å vinne den store lottopremien ville vera det gode liv. Slutte å jobbe, reise verden rundt, feriere, ikkje gjera nokon ting bare slappe av. Er ofte det ein høyrer av folk som drøymer om å vinne DEN store pengepremien

Men prøvar eg å forestille meg den perfekte dag. Ein dag som skal eg gjenta fleire år framover, kvardag og helg. Så vil nok ikkje ein ferietur til syden vera det store, like lite som det å ikkje gjera noko ting.

Ser ein på ein del av dei som har meir enn nok pengar til å ikkje ha behov for å arbeide lengre, så arbeider dei likevel. Eller dei engasjerer seg i veldedighet  og organisasjoner. Eg trur at alle menneske  har behov for å gjera noko nyttig, og føle at ein kan gjera ein forskjell

Ein perfekt dag i det gode liv for meg vil derfor kunne definerast i nærheten av dette;

  • Vakne tidlig frisk og opplagt etter ei god natts søvn
  • Nyte ein tidlig start på dagen, med radio, lese nyheter, planlegge dagens gjeremål mens eg nyter ein god frukost
  • Gjera noko nyttig og meiningsfylt, ein del av dagen
  • Ha nokre timar -god tid, til å drive med hobbyar, trim og trening

Når er eg mest glad/lykkeleg?

Dette er nok veldig individuelt, så noko fasit har vel ingen. Men ein Harvard Undersøkelse som er referert til i Kvinneguiden, www.klikk.no/kvinneguiden/helse/hva-gjor-mennesker-lykkelige-2573198 Konkluderer med at lykke kan læres, og ein kan trene seg opp til å bli betre, til nettopp vera lykkeleg.

Tabell tatt frå www.klikk.no/kvinneguiden/helse/hva-gjor-mennesker-lykkelige-2573198

Det som mest interessante og som ein absolutt bør tenke over er at ingenting av dei råda som vert gjeve her kostar pengar. Det er rett å slett gratis å bli meir lykkeleg!

Kva har eg lyst til å lære, prøve og meistre?

Dette punktet dukka også opp i tabellen ovanfor. Det viser kor viktig det er for det gode liv å halde oppe aktiviteten både fysisk og psykisk

Skjermdump frå Pinterest

One Year Challenge, er ein artig måte å gjera dette på. Er veldig mange sider på nettet som omhandlar dette, så her kan ein shoppe. Sjølv fann eg denne av interesse http://www.expertinayear.com/

Kva reisemål og opplevelsar er på mi Bucketlist?

Som vist i tabell ovanfor så treng det å bli lykkelig koste pengar.

Men for ein mann som meg på femti pluss, så vil nok reiseopplevelsar vera ein del av det lykkelige og gode liv. Det er derfor på sin plass å ha tenkt igjennom og gjort ei liste over; Reisemål, stader og opplevelsar, som eg vil prioritere før eg havner i «panelet». Realistisk sett så har ein 20-25 gode år framfor seg, der det ikkje vil vera så store fysiske hindringer for å kunne reise og oppleve nye stadar.

Googlar ein «ultimate travel bucket list» så får ein 71 200 000 treff!! Så finne akkurat den lista som passar for ein sjølv er ikkje lett. Ser det er litt variasjon på listene utifrå nasjonalitet til dei som har laga dei. Gode å ha som inspirasjon og shoppe i, men som med det meste, ikkje så lurt å prøve og kopiere andres liv. Uansett så ser eg det som lurt å ha ei liste,mål og plan. Så ein ikkje vaknar opp ein dag som 70 åring, og ser ein har feriert på Grand Canaria dei sist 20 åra, med unnatak 2 gonger til Teneriffe. Og tenker «Det var det»K

Konklusjon

Etter å ha satt opp egne personlege lister med mål, ynskjer og draumar. Så ser eg særleg ein ting svært viktige for at dei tiåra som ligg føre meg skal bli så bra som mogleg.  Det er det som ofte blir nå enkelt og greitt vert kalla Fit.

Eg må fyrst og fremst vera fysisk, psykisk og økonomisk Fit, dette vil eg komme tilbake til.

Kilder; http://www.expertinayear.com/ https://stammen.no http://www.klikk.no/kvinneguiden/helse/hva-gjor-mennesker-lykkelige-2573198 /www.lonelyplanet.com/travel-tips-and-articles/ultimate-travel-list-lonely-planets-top-10-sights-in-the-world/40625c8c-8a11-5710-a052-1479d27631fb https://no.pinterest.com/pin/255438610094057249/