Alkokutt

        

Eg kan skylde på Corona, viruset ikkje ølet. Historien kan for så vidt starte og slutte der, men litt lenger forklaring kan eg då koma med. Som så mange andre godt voksne menn, så vart eg også noko meir opptatt av helse, kosthold og trening midten av 40 åra. Ønske var klart og tydleg, eg ønskjer å vera så aktiv som mogleg framimot og i alderdommen. Trening og helse vart då satt meir og meir fokus på, og har etter kvart vorte hovudfokus for min livsførsel. Resultata lot ikkje vente på seg, vekta gjekk ned og formen opp. Til meir eg las og fylgde med til meir bevist vart eg på alt ifrå økologisk, kortreist mat, til diverse typer diett. Viktigheiten av god og samanhengande søvn er det mange artiklar om, ikkje minst kva det har å bety for stresshormonet Kortisol, og for å oppretthalde så høgt som mogleg testosteron nivå.

Eg las og fylgde opp. https://iform.nu/sunn-livsstil/stress/kortisol-og-stress#for%20h%C3%B8yt%20kortisol%20farlig

Etter nokre år såg eg at til dømes styrke kunne koma tilbake til nivået eg hadde i 20 åra, og var veldig fornøgd når eg etter å ha fokusert på dette, som 50 åring greidde 160 kg i benkpress. Noko som var nesten det same som eg har som personleg rekord. Vekta har stabilisert seg der den var i tjugeåra, og kondisen er stadig på veg opp.

Men så… kva er den største enkeltfaktoren som er negativ for mi helse nå. Har som dei fleste andre vore glad i og nytt alkohol heile mitt vaksne liv. Etter eg har fått meir fokus på helse så vart eg klar over diverse anbefalte vekelege inntak, noko som er litt forskjellig frå land til land. Dette var likevel ikkje noko problem å stort sett fylje, sjølv om eg som oftast var godt over desse anbefalingane på ferier og i høgtider osv.

Alkohol kan ein få i seg på så mange måtar, og eg er mest glad i rødvin, rødvin til mat, og rødvin til kos.Ettersom økonomien har vore betre så har kvaliteten på vin også blitt betre. Finne «sayings» og uttrykk for dette er lett, om det er på nettet eller i ein kiosk i syden.

skjermdropp frå Pinterest

Eitt anna moment som har gjort at eg aldri har følt noko problem med mitt inntak av alkohol er at eg ikkje vert fyllesjuk eller dårleg dagen derpå. Har etter kvart funne ut at dette gjeld ein liten del av befolkninga, og eg er vist av dei heldige. Eller er eg det? Dette har sjølvsagt ført til at eg som oftast har trudd att mitt inntak kvelden før var heilt beskjedent, noko det ikkje alltid var.

Så var det Coronaen då. Når denne spredde seg og Norge ble stengt ned, så auka salget på vinmonopolet og annet salg av alkohol. Anbefalingene var å bruke sprit, ja fyrst og fremst til håndvask, men litt innenbords var vel heller ikkje å forakte? Skulle ein vera i heimekarantene, sjå Netflix mm, samt unngå sosialt samvær så var det då på sin plass at ein kunne kose seg noko ekstra!

Sjølv las eg mykje av det eg kom over angåande Covid19; smitte, risikogruppe, forebyggande, styrke immunforsvar osv. Las meg opp og lærte om Chagaens gode virking, om kvar eg kunne finne den, og korleis eg skulle bruke den som te i det daglege liv.

Skjermdropp frå Pinterest

Ja, eg fortsette å vart endå meir fokusert på helse, trim og kosthald. MEN så var det «elefanten i rommet» alkoholen.

Som nemd tidlegare så er glad i vin, har derfor trykt til mitt bryst alt og alle artikler, nyheter, forskingsrapporter (seriøse og useriøse) som fortalte om alkoholens helsebringende virkning. Alt for å rettferdiggjøre og forsvare mitt forbruk, og gleden ved å nyte eit og to glass vin.

Uansett så kunne eg ikkje unngå det faktum at drikke alkohol i ymse former totalt sett var det som sto att som det mest negative for mi eiga helse og velbefinnende nå. Ein Cognac eller Jäger for halsen har me alltid høyrt er bra, men det å innta alkohol i forbindelse med influensa eller anna sjukdom styrker ikkje immunforsvaret. Tvert imot så kan det ofte forlenge sjukdomsforløpet. https://www.nettdoktor.no/sykdommer/fakta/influensa.php

Helsegjevinsten med dei gode stoffa i rødvin osv, kan ein greitt oppnå på andre måter i eitt sundt kosthald. Det var fyrst og fremst med tanke på det eg hadde lest om alkoholens reduserande effekt på dei kvite blodlekamanes evne til å nedkjempe ei infeksjon, som gjorde at eg valte å ta ein «time out» i mitt alkoholforbruk.

Når påska så nærma seg, og eg på grunn av karantene reglar og hytteforbud måtte rekne med å vera aleine til fjells, var ramma satt. Sjølv med ei nokså full vinhylle med mykje godsaker i, nokre fine flasker Whisky, eksklusiv gin osv. på hytta, så hadde eg bestemt meg. Nå kutter eg på ubestemt tid all alkoholholdig drikke, som sagt så gjort.

Det fyrste eg merka var at det føltes rart, ja som om noko vesentleg mangla, når eg etter ein fleire timars skitur ikkje satte meg ned med ei kald øl i handa og verkeleg nøyt den. Hadde kjøpt inn alkoholfritt øl, men det var ikkje heilt det same….

Likeins var det på kveldane når god mat skulle lagast, har alltid storkosa meg med eit glas rødvin mens eg kokkelerer. Smak på sausen, smak på vinen, kjent varmen frå peisen, kokeplatene, vinen og hatt det heilt topp. Dette tok litt tid, ja nokre veker før ein boks med null øl var like etterlengta som ein vanleg boks med øl. Likeins så har det vore ein prosess å endre vaner, og ikkje drikke alkohol i ein del samanhengar som eg alltid har gjort det.

Har som så ofte før brukt internett som kunnskapskilde, til motivering og inspirasjon. Pinterest er som vanleg ein favoritt, og finne ein god del kjendiser som har droppa alkohol av ymse grunnar kan vera god lesning.

skjermdropp frå Pinterest

Har det vore noko savn? Ja, det må eg ærleg innrømme, eg har savna ein god rødvin til nokre betre middagar. Har og savna følelsen av «nå er det helg/fri» når ein kald boks vert opna. Har savna planlegging av måltid og finne rett vin til rett mat, for så og teste om dette stemmer.

Har eg merka noko positivt etter snar 3 mnd utan alkohol? Har til nå ikkje merka dei store endringane, men kan nemne nokre. Har fått betre tid, alkohol har tatt tid; Tid til innkjøp, tid der fokus og sinn ikkje har vore 100%, tid då eg ikkje har kunna tatt bilen eller gjort det eine eller andre pga at eg har drukke alkohol. Eg er meir til stades heile tida; dette er nok nokså innlysande effekt, med alkoholens noko sløvande effekt på hjerne og sansar, så vil ein oppleve at ein er meir bevist heile tida.

Søvnen har blitt betre; har for så vidt aldri hatt problem med å sovne, men mitt problem har vore at eg som oftast svært sjeldan søv meir enn 5-6 timar. Det tok litt tid, men nå etter nokre månader så har eg fått betre søvn, og søv nå ofte 7,5-8 timar. Noko som ifølge forsking vil ha ei stor positiv effekt på kroppen med reduksjon av stresshormon som Kortisol, redusert risiko for diabetes, hjarteproblem mm.

link til Fedon.no

Så kva er vegen vidare?

Er fullstendig klar over at eg er ein sta og nokså egen person. Når eg har bestemt meg så skal det ein del til for å få meg til å endre meining. Har for så vidt tenkt og planlagt at eg skal ha nokre køyrereglar å halde meg til, som til dømes at eg skal nyte ein god vin til eit måltid la oss sei ei gang i månaden. Er ein innom på ein Michelin restaurant, så er jau vin opplevelsen ein stor del av heilheiten av måltidet.

Noko som på ingen måte vil ha noko negativ effekt på immunforsvaret, som var min hovudgrunn til å ta ein periode med alkokutt. Men så er det noko anna som triggar meg vel så mykje, nemleg det å kunne enkelt kutte alkohol i eitt samfunn der alkohol vert bruka så mykje i sosiale samanhengar, og som sosialt lim. Gjera det føler eg styrker karakteren og for eigen del er svært tilfredsstillande. Det er mange samanhengar utover sommar, haust, ja heile året der det er og har vore heilt naturleg å nyte alkohol. Det kan derfor  vera spennande og interessant å teste ut lengre tid utan alkohol, så får framtida vise.

skjermdropp frå Pinterest

Concept2 romaskin

Romaskin

I ein av mine fyrste bloggar skreiv og stilte spørsmålet om «det gode liv etter fylt 50 år? Kan eg få dei beste åra i livet mitt etter fylte 50?» Noko av det eg då konkluderte med var at for å ha det så bra som mogleg så me eg vera i god fysisk form. Dette vil sei at trening, aktivitetar, kosthald må tilpassast målsetninga. Har alltid trent ein del heilt frå ungdommen, men i periodar har treninga vorte satt litt til sides, slik dei fleste erfarer at ein må gjera pga arbeid, familie mm. For egen del er vel styrketreninga som eg har greidd å halde mest vedlike oppigjennom alle år. Kondistreninga har gått litt meir i bølger, sjølv om eg har gått Birken nokre gonger på 90 talet. Har også lagt ned eitt par års trening for å prøve meg på Oslo maraton, noko som dessverre vart stoppa pga ein betennelse i hofta eitt år, og kraftig overtråkk det neste.

Nok om det, nå har eg kjøpt meg romaskin, ei flunkande ny Cocept2. Dette skal vist vera «Rolls Roys`en» blant romaskiner, og er den alle andre vert målt opp mot. Har for eigen del aldri trenet noko på romaskin, men leser at mange er svært fornøgde med nokre økter på dei i veka. Tenker det då vil vera eit godt supplement til ski, jogging, toppturar og styrketrening. Særleg på dagar med regn, sludd og is ute!! Så nå har eg prøvd den ei veke, det vil sei at eg har hatt 4 økter inkludert den fyrste testen på bare 15 minutt den dagen eg monterte den.

Fyrste treningsveka

Fredag, monterte og fekk romaskin på plass heime. Kjørte roleg i 15 minutt, greitt og moro, men vart støl i rumpa😊 Søndag, fann eitt intervallprogram på YouTube. Rolig oppvarming. For så å kjøre 1 min med hastighet 20s pr min, så rolig i 1 min. Gjenta dette så 4 gonger, for så å gå opp til hastighet 22s pr min, videre 24,26 osv. Gjorde dette i til sammen 32 minutt, som gjekk veldig fort. Var heldig og fann at mi Suunto-pulsklokke, eller retter pulsband -brystband, lot seg lett pare med romaskina. Tirsdag; samme intervall som på fredag, men økte hastigheten raskere. Så eg kom opp på 30s pr min på dei siste intervallene. Torsdag; nå hadde eg søk og sett litt meir på nettet, og funne ut at ein test nok hadde vore moro å tatt for å sjå korleis eg låg ann før eg har trena noko særleg på romaskina.

2000m test

Fann då raskt ut at tida på 2000m visstnok er diskusjonstema blant aktive og mosjonistar på romaskin, så dette var vist distansen ein måtte -bør teste seg på. Satte så i gang, fyrst 5 minutt oppvarming. Så var det å bla igjennom menyen der eg lett fann 2000m som eit alternativ, så då var det bare å ro i veg. Gjekk nok litt hardt ut og fekk beste 500m tid på dei fyrste 500m. så var det gjevne tider på dei neste to 500m, for så litt raskare på dei siste 500 metrane. Enda då opp med tida 8.20.7, kjørte så roleg roing i 20 minuttar som siste del av treninga.

Fyrste 2000 meter test

Gjekk så inn på Concept2 si heimeside og registrerte meg som ny brukar der. For ein som er kanskje litt over snittet interessert i tal var det då moro å sjå kva slags tider og nivå som er gjeldande. Hadde ikkje den minste aning om kva for tider ein snakka om her, så dette var spennande. Var ei veldig enkel og grei heimeside å bruke, og eg fann at mi fyrste tid på ein 2000m roing på Concept2 romaskin plasserte meg på ein delt 1416 plass i verda. Så her har eg ei konkret tid å legge til grunn, og tider eg kan jobbe mot. Som sagt mi fyrste veke på romaskin, og fyrste test på tid. Så kva eg kan forvente meg framover har eg ikkje peiling på, men magefølelsen seier at eitt minutts betring i tida bør kunne vera innan rekkevidde. Ein kjapp sjekk i rankeringslista viser at om eg får tida ned på 7.20.00 talet, så vil eg komme på rundt plass 500. Noko som kanskje er veeeel optimistisk? Men  nokre mål kan ein då sette seg.

Treninga framover

Som eg har  skrive er dette heilt ny treningsforma for meg, så kor mykje eg bør trene er eg ikkje sikker på. Har frå før hatt fyljande treningssplitt på ei normalveke.

Måndag; styrketrening bryst, skulder og triceps, med frie vekter Tysdag; kondis, intervall Onsdag; Styrketrening lår, rygg og biceps, med frie vekter Torsdag eller fredag; kondis eller kettlebell trening Lørdag og søndag; jakt, fjelltur, ski, løping alt etter kva tid på året ein er i.

Styrketreninga er innøvd og fast for meg med minimum to økter pluss ei med kettlebell om eg får tid. Så det er nok det å bytte ut eit par andre kondisøkter i veka som vil bli gjort.

Uansett vert det moro å teste ut denne treningsforma og sjå korleis eg likar dette utover vinteren.

Arbeid mindre, lev meir

Dette er vel noko mange kan tenke seg? Og noko ein ofte kommer over i reklame for ein artikkel, YouTube snutt osv. Men kan ein få dette til? Det er mange bøkar ein kan lese om dette teamet. Mest kjent er vel Tim Ferris si bok «4-hour week», også Robert Kusaki er inne på dette i boka »Rich dad, poor dad» Der han skriver at noko av målet hans var å kunne trekke seg tilbake frå arbeidslivet som 50 åring, men når han faktisk kunne gjera det alt som 40 åring, så gjorde han det likevel ikkje. Dette forde han etterkvart elska arbeidet sitt, og følte ikkje noko press eller hadde behov for å tene meir pengar. Han gjorde det bare for å føle han var til nytte, kunne gjera noko meiningsfylt, ja «make a different» skriver han. Dette er ofte historien til mange svært suksessfulle personar, dei fortsetter å arbeide så lenge dei kan, ikkje på grunn av behov for meir inntekt eller formue, men av rein arbeidsglede -gjere noko meiningsfylt.

skjermdropp frå Pinterest

Arbeide mindre alt frå 50 åra

Dette er for mange nokså utopisk tanke, og lite gjennomførbart tenker nok dei fleste. Den beste måten å få dette til på, er å ha gjort dei beste og luraste vala alt i 20 åra. Men dei vala ein alt har gjort er ikkje noko ein kan endre på når ein er alt i 50 åra. Så kva kan ein då gjera om ein ynskjer å arbeide mindre alt som 50 åring. Fyrst så trur eg ein må tenke tanken og bli komfortabel med den. Dette forde heile samfunnet er bygd opp, og delvis fundamentert på at «arbeider ein mykje så er ein eitt godt samfunnsmenneske» Sjølv har eg vokse opp med ein stor beundring for dei som arbeide mykje og hardt, dette har vore innprenta i meg i frå barnsbein av. Har sjølv inntil for få år sidan meint at ha ein laurdag utan å gjera noko fornuftig arbeid, var ein bortkasta laurdag. Så få eit nytt tankemønster i denne samanheng er nok noko ein fyrst må endre.

Reknestykket

Ein kan tenke, planlegge og drøyme om noko. Men for meg så må det nokre tal på bordet for å sjå om dette kan gjennomførast. Sjølv er eg snart 52 år, noko som vil sei at eg har 10 år att til eg fyller 62 år. I følge SSB reknar ein 1750 timar pr årsverk i bygg og teneste statistikken. Dette gjer at ein med normalt arbeid vil arbeide 17 500 timar på 10 år. Går ein så utifrå at alle ynskjer å yte sin del til fellesskapet med å arbeide, skatte og tilnærma det som er gjennomsnittet. Så vert då reknestykket om ein då fordeler desse arbeidstimane på dobbelt så lang tid, noko som for meg vil sei 20 år, eller fram til eg er 72 år. Gjer ein det så skal min arbeidsinnsats i snitt vera 875 timar kvart år. Har ein så rundt 230 arbeidsdagar, vert det 3,8 timar pr dag, eller 19 timar kvar veke. Noko som då vil sei 50% stilling av 38 timars veke. Men er dette gjennomførbart? Det fyrste problemet ser eg er økonomi, er det mogleg å leva eit godt liv med å redusere arbeidstida med 50% ?

La oss sjå litt på det.

Kan ein leva godt med halv jobb? Fyrst kan ein sjå på nokre grunnleggende tal. Kva ein kvar har i inntekt er veldig forskjellig, men går ein utifrå ein artikkel i Nettavisa 27.08.19 så står det at gjennomsnittslønna er 45 600,- pr mnd. Dette gjev då ca 550 000,- pr år. https://www.nettavisen.no/okonomi/sa-mye-bor-du-tjene-her-er-gjennomsnittslonnen-i-300-yrker/3423588752.html

Ifølge skatteberegning på Neuvoo sine sider betaler ein då i snitt kr 135 000,- i skatt. ein har då kr 415 000,- igjen til livets opphald. https://no.neuvoo.com/skatt-kalkulator/Norway-550000

Reduserer ein lønna til halvparten nemleg 275 000,- vert skatten kr 42 000,- og ein sitter igjen med kr 233 000,-https://no.neuvoo.com/skatt-kalkulator/?iam=&uet_calculate=calculate&salary=275000&from=year&region=Norway

Differansen her er då på kr 182 000,- noko som ein differanse på heile 15 000,- Kvar månad. Korleis kan ein så dekke inn denne store forskjellen? Har ein 10 år igjen til ein er 62 år og tenker seg å vera gjeldfri då, og gjelda er til dømes på 1 mill, og ein er godt innanfor lånetakst Så viser DnBs lånekalkulator at ein vil ha ei månads kostnad på kr 9716,- Dersom ein tenker seg å stå i arbeid 10 år til, og utvidar betalingsplanen tilsvarande, så viser same kalkulator ei månads kostnad på kr 5 606,- Ein har då alt spart inn kr 4 110,- av differansen på kr 15 000,- og sitter att med ein forskjell på kr 10 890,- Ein ting som også kan nemnast her er at kroneverdien på grunn av inflasjonen etterkvart gjera at lånet automatisk vert mindre, når lønna aukar år for år. Nå er då heller ikkje dette noko sum å kimse av, og for mange vil nok dette vera vanskelege å kompensere fullt ut.Men, og eg meiner men. Her er det då åpning for mange andre faktorar ein bør tenke over og vurdere om ein seriøst kunne tenke seg eit alternativ dei siste åra i yrkesaktivt liv.

Vil bare nemne som eksempel;

Ikkje frådragsberettiga bilutgifter vil bli redusert. Køyrer du som eksempel 30 km kvar veg til jobb kvar dag. Når du arbeider fult er du på jobb 234 dagar, mens du nå jobbar 117 dagar, reknestykket vert då slik; 117 x (30km x 2) = 7020km x kr 4,00/km =  kr28 080,- Deler ein så dette pr mnd så vert det 28 080 / 12 = 2 340,- Ein kan òg spare ein del med å bruke meir tid på å lage mat frå grunnen av, og bruke tid på gode innkjøp. Ein kan endeleg få tid til å dyrke ein hobby, som også kan gje litt inntekt, eller redusere utgifter. Tenker her på til dømes fiske, jakte, bær og soppsanking. All statestikk viser at me i Norge brukar mykje pengar på vedlikehald og oppussing av eige hus og hage. Er ein i 100% jobb, så vert det ofte bruka noko innleigde tenester. Ser ein på dei faktiske kostnadene med å leige til dømes eitt målarfirma til å måle huset så vert dette kostbart. Som eksempel seier me det er satt opp 40 timar på jobben med å måle ein einebolig. Prisen er då 620,- kr pr time pluss mva. Dette gjev då eit reknestykke som ser slik ut.40 x 620 = 24 800,- + 25% mva som då er kr 31 000,- Med full jobb og den skattesatsen ein bruka i eksempelet over må ein då tene kr 40 000,- for å kunne betale for måling av huset. Ein er altså nesten 1 månad på arbeid for å leige inn andre folk til å gjera ein jobb som varer ei god veke. Sjølvsagt gjer proffe folk ein jobb raskare en ein oftast gjer det sjølv, og ofte har ein ikkje kompetansen som trengs. Men her kjem eit av dei neste punkta eg meiner er på lista over fordeler med å ta ein «tidleg» pensjon. Nemleg at du får tid til å lære deg noko nytt, hobby, jobb osv. Dette gjeld då sjølvsagt også alle dei andre tenestene ein leiger inn, som ein kan gjera sjølv med litt grunnkunnskaper.

Eksempla er mange, men dette er som alt anna svært personavhengig. Har ein moglegheit til å drive noko form  for utleige av ein kjellarleilegheit, hytte eller anna vil dette fort vera ei inntekt som kompenserer for tapt inntekt. Men nok om det, nå til fordeler.

Fordeler med å jobbe mindre tidligere

skjermdropp frå Pinterest

Miljø

Dersom ein gjer eit aktivt val om å jobbe mindre og leve meir før ein har full pensjon. Så vil dette tross alt for dei fleste bety at ein må redusere privatforbruket sitt ein del. Dette er truleg det beste bidraget einkvar kan gjera for miljøet, både lokalt og globalt. https://www.harvestmagazine.no/artikkel/hvorfor-vil-ingen-snakke-om-konklusjonene-i-rapporten-fra-fns-naturpanel

Helse

Ein og truleg den største fordel med å jobbe mindre tidlig er at ein får meir tid til å ta vare på egen helse. Arbeider ein bare 2-3 dagar kvar veke, så får ein tilsvarande dagar til fri disposisjon. Brukar ein så dette til meir trening, meir fokus på sunn mat og eiga helse. Vil dette gjera at ein med stor sannsynlegheit vil kunne arbeide lengre, og få betre år framover.

Inkludert

Høyrer ofte at folk som har slutta og arbeide savnar fellesskapet og det sosiale med jobben. Med å stå i arbeid 10 år lengre en det ein absolutt må, vil ein oppretthalde dette fellesskapet. Ein vil også måtte halde seg oppdatert og fylje med på nyvinningar som skjer innan sitt fagfelt. I tillegg er det utan tvil ein fordel på einkvar arbeidsplass å ha eitt visst antal seniorar i arbeidstokken.

Opplevelsar

Det er mange som bittert erfarer at når dei endeleg har tid til å reise og oppleve det ein drøymt om, så er ikkje helsa god nok til å gjennomføre det. Dei fleste er nok truleg i betre form som 50 åring enn ein er 10 år seinare, noko som gjev ein store moglegheiter. Snakkar ikkje her bare om reiser i utland eller DEN turen innanlands, nei tenker faktisk mest på opplevelsar i nærområdet. Ta ein fin dagstur, eller kanskje med ei overnatting på nokre vanlege vekedagar. Kunne ha meir enn bare helgene og dei vanlege feriane til å bruke til slikt, gjer at ein automatisk vil ha fleire godværsdager å velge i. https://friluftsglede.no/2019/05/06/sa-opp-jobben-for-a-leve-saktere-og-nyte-friluftsgleden/

Familie

Nå er også mange alt besteforelder når dei er i 50-åra. Ha moglegheit til å bruke meir tid til barnebarn vil også for mange kunne vera eit stort pluss. Eller kanskje ein har foreldre som trenger -og setter pris på noko meir tid i lag?

Oppsummering

Som nemnd tidlegare har det for meg alltid vore sett og oppfatta som positivt og bra at ein arbeider mykje. Det har derfor faktisk vore ein prosess eg har måtte gått igjennom for å endre tankemønsteret. Men faktisk så har eg nå byrja å like tanken på at eg etter kvart kan justere ned arbeidsmengda, i alle fall på den typa arbeid eg «MÅ» gjera. Greier eg å bytte bort den typen arbeid eg «må gjera» med det eg har lyst til å gjera, så er også mykje gjort. Nå har eg  aldri vore ansatt i noko firma eller i stat -kommune, men alltid vore eigen arbeidsgjevar. Så mykje av mitt fokus dei siste åra har vore på å etablere og skaffe meg inntekter som ikkje krev at eg må møte på ein stad eller på eit klokkeslett kvar dag. Så eg føler eg alt er på god veg for å kunne arbeide ein god del mindre alt nå mens eg er tidleg i femtiåra. Vil eg greie dette? Ja, det får vel bare tida vise.

Men å ha det som eit mål og ein draum, ja det har eg.

Ketolifestyle

Sommar og haust er ei travel tid, blogging har det derfor vore lite av.Har derimot bruka ein del tid på lesing og meir nettsøk angående ketodiett, eller det eg nå ser ofte vert kalla ketolivsstil.

Ketolivsstil

Ketolivsstil seier kanskje du? Er ikkje dette ein diett som ein følger ei begrensa tid? Det trudde eg også, men det forandra seg ein del etter kvart som eg har lært meir. Har lese om og funne fram til mange som rett å slett lever på tilnærma ketodiett år etter år.

Men er ikkje dette ein krevjande diett, med lite variasjon, mykje fett og vanskeleg å holde i kvardagen? Gammel eller ny keto diett? Ketodietten var introdusert på 20-tallet som ein medisinsk diett bruka for blant anna epilepsi. Variasjon og spennende matretter var då ikkje i noko særleg fokus, og dietten sliter nok fortsatt med rykte om å vera «kjedelig» og ikkje gjennomførbar over lengre tid.

Nå har me dog eit heilt anna utval å velje i på ein kvar matbutikk, og eit internett som bognar av gode oppskrifter. Kan blant anna nemne nettbutikken Funksjonell Mat, der ein finner mange gode erstatningar til blant anna sukker, som ein fint kan bruke i ketokvardagen. https://butikk.funksjonellmat.no/

Det er også ofte nemnd at ein godt kan ha nokre «cheat» dager der ein spiser ein del karbohydrat og går langt over anbefalt daglig inntak på under 100 gram. Dersom ein på fyljande dag tek ein intermittent fasting, vil ein fort komme i ketose att, og dermed unngå ketoflu. Viktigheiten av mykje grønsaker kan ein ikkje undervurdere, og heldigvis så er utvalet i dei fleste butikkar nå svært god.

Variasjon i kostholdet? Når ein snakkar om kjedeleg kosthald så er det lett å tru ein sjølv har eitt veldig spennande og variert kosthald. Men om ein noterer kva ein spiser iløpet av ein vanleg månad, så vil dei fleste oppdag at variasjonen ikkje er så stor. Ofte vil ein sirkulere imellom 10-12 middagsrettar, og ofte ikkje så mange frukost og kveldsvarianter. Så finner ein fram til, og lærer seg å lage eitt tilsvarande antal sunne, smakfulle ketomåltid, så vil ein ha same variasjonen. https://www.dietdoctor.com/low-carb/keto/recipes

skjermdump frå dietdoctor

Jakt og lange fjellturar

Som nemnt i tidlegare blogginnlegg så har eg vore spent på korleis ein ketodiett vil virke når eg er ute på jakt og fjellturar, ofte 10-14 timar. Frå i fjor fann eg bilde posta på Facbook der eg smørte meg ei niste for ein lang jakttur, som besto i 22 brødskiver med peanøttsmør og smør.

Måtte då fylle på med eit par skiver kvar 2-3 time for å ikkje verta tom, og utmatta. Minnes turen den dagen vart på rundt 40 km på Hardangervidda, der eg bar kjøtt nest halvparten av tida, og ryggsekken vart nærmare 30 kg. Dette skjønner ein godt når ein leser på Olympiatoppens sin nettside der det står «Velfylte glykogenlager rekker vanligvis til 1-2 timers trening. https://www.olympiatoppen.no/fagstoff/idrettsernaering/faktaark/page461.html

Ein er dersom ein går på ett vanlig «sundt» norsk kosthold, avhengig av å fylle på nokså ofte med drivstoff i form av karbohydrat, ved langvarig fysisk aktivitet. Har ikkje funne skriftlig dokumentasjon på dette, men det er ofte nemnd at ein har mellom 1500-2000 kalorier lagra i form av glukose i kroppen. Til sammenlikning så har ein slank normal bygd mann på ca 80 kg, vil derimot ha ca 10 kg med fett på kroppen, noko som tilsvarer eitt kalorireservoar på ca 70 000 kcal. Dette er eit eksempel som viser kor viktig fettlagring og effektiv bruk av dette reservoaret er i kroppen ifrå evolusjonen si side. Men for å effektiv nytte dette må ein vera i ketose, og bruke ketoner som drivstoff.

Haustens erfaringar så langt. Har ikkje hatt heilt same turen til nå i haust, men nokre turar har det blitt. Har eitt par dagar med 32-35 km med gåing, både med og utan kjøttbering, og varigheit på 10-12 timar. På desse dagen har eg ikkje spist frukost, nista har vore heimlaga beef jerky av reinskjøtt, nøtter, og 2-3 skiver med svært lavkarbobrød med Kviteseidsmør på. https://butikk.funksjonellmat.no/products/lavkarbobrodmiks-med-form-250-g-glutenfri

skjermdump frå funksjonellmat

Har ikkje nokon gong følt meg slapp eller utmatta, har rett å slett følt at energireserven er ubegrensa og at eg kunne gå i timesvis. Så energinivået på ein slik kost viser seg som det er sagt i mange fora, heilt på topp. Dette med forbehold om at ein faktisk er i ketose, at kroppen har kommet over det å bruke sukker som energi, og nå er i fettforbrenningsmodus.

Vektnedgang

Nå etter 11 veker på keto, er vektnedgangen på 12 kg. Kroppsanalysa viser ein fettreduksjon på 8,4 kg. Muskelmasse redusert med 2 kg, noko eg kan forklare med mest fokus på kondistrening og lite styrketrening. Mens vannprosenten er stabil. Har etter knappe 3 mnd nådd målet og vel så det, som eg satte meg når eg starta på keto fyrst i juni. Etter flittig bruk av podkast og youtube videoar om emne, så har eg vorte meir og meir overbevist om mange av fordelane med denne dietten. Sidan det for meg viser seg å ikkje vera noko store utfordringar med å leve «the keto lifestyle» så vil eg nok fortsette med dette. Utfordringa er nå å justere opp kaloriinntaket på eit nivå som gjer at eg stabiliserer vekta her eg er nå. Litt uvant tanke at det skal vera ei utfordring men slik er det, særleg når svoltfølelsen stort sett er fråverande. Som eg skreiv i sist blogg så har det etter kvart vore mykje intermittent fasting dei siste månadane. Dei store helsefordelene med dette er beskrive og anbefalt hyppigt på div YouTube videoar, så dette vil eg nok også forsette med. https://www.youtube.com/watch?v=A6Dkt7zyImk Har også lese ein del om fordelane med 48-72 timars fasting, noko som å har vekka mi interesse og som eg er open for å prøve ved seinare anledning.

4 veker på keto diett

Som eg skreiv i min siste blogg ville eg prøve keto dietten i ein periode. Grunnane var ymse, men vektnedgang, eller rettare sagt få bort nokre kilo fett var hovudmålet. Nå etter nesten 4 veker på «dietten» så tenkte eg at det kunne passe å dele mine erfaringer så langt

Oppstart

Eg hadde så og sei tømt kjøleskapet for nei mat, og fylt opp med egg, bacon, rømme, smør, salat «you name it» mykje god og kraftig mat som kunne passe inn i denne dietten. Starta friskt med ein stor baconomelett av 5 egg, fylt med ost til frukost. Til lunsj ein stor salt, og grilla elgkjøtt med fylte champignon og mykje salat til middag. Ein variasjon av denne menyen gjekk bra dei fyrste 3-4 dagane, men så vart det ikkje så freistande med frukost lenger. Var på ingen måte svolten om morgonen lengre, så frukosten vart då forskuva til lunsjtid, to måltid til dagen vart då innført.

Ketoflu?

Hadde nok eit snev av dette, men hadde lest meg opp og prøvde alle råda for å unngå den. Det er vist fyrst og fremst dehydrering og saltmangel, som forårsakar denne tilstanden. Så ei lita teskei med salt eitt par gonger til dagen, og mykje vatn/Farris vart inntatt, rundt 4-5 liter til dagen. Etter to dagar viste ketostixsa at eg var på veg inn i ketose, og det var bra utslag etter 4-5 dagar.

Vekt

Vektnedgang var som før nemnd hovudmotivasjonen for å prøve denne dietten, så kva er resultatet etter 4 veker? Vekta gjekk raskt ned, nesten 3 kilo fyrste veka. Men kroppsanalysa på vekta viste ein fett reduksjon på 1,5 kilo. Muskel og vannprosenten hold seg stabil, så den resterende vektreduksjonen var nok mest glukose i muskler og i lever. Dei neste vekene har vekta gått litt opp og ned dag for dag. For å ha så likt resultat som mogleg veger eg meg kvar morgon på mest same tid, og trenden er god. Nå etter 4 veker er vektnedgangen på 6,1 kilo, noko som eg er svært fornøgd med. Kroppsanalysa viser ein fett reduksjon på 4,1 kg. Muskelmassen har gått ned 0,8 kg, mens vannprosenten er stabil. Resterende nedgang er vel som nemnd tidligere glukose som har vore lagra i kroppen.

Ketodietten

Har dei siste vekene bruka ein del sosiale medier for å få mest mogleg info om denne dietten. Er veldig mange oppskrifter å finne, og som vanleg har Pinterest mykje bruka. Ein podcast og Youtube kanal med Dr. Eric Berg har gjeve meg mykje info, han snakkar ikkje om keto som ein diett, men som ein livsstil(endring). https://www.youtube.com/user/drericberg123 Det er då særleg i kampen mot diabetes, høgt og varierande blodsukker som denne viser seg svært effektiv mot. I tillegg så meiner ein at både auka energinivå, betre fokus og klarere i tankene er ein effekt. Filosofien er at me frå naturens side ikkje er skapt til å bruke karbohydrat/sukker som energikjelde, men det er fett som me skal bruke til det. Dette forde karbohydrat ikkje kan lagrast i kroppen i noko større grad, men vert brukt opp med ei gang. For å effektiv bruke og regulere blodsukkeret så bruker kroppen insulin, og til meir sukker ein har i kosten, til meir insulin vert brukt. Dette meiner ein forklarer den auka mengda med insulinresistens i den vestlege verden.

Fett derimot lagrast i kroppen og ein kan som me alle veit og ser rundt oss, ha reservoar for mange veker og månader lagra. Når ein då går over i ketose på grunn av den daglege karbohydratmengda uteblir, så får kroppen beskjed om at ein er på veg inn i ein periode med mindre mat. Dette vil ha den effekten at ein etter nokre dagar ikkje har sultfølelse, men kan fokusere på det som skal til for å overleve. Som den arten me er i frå evolusjonens si side, så må me ut å jakte. For å gjera det effektivt så må me ikkje minste musklar, derfor vil ein på ketodiett i liten grad miste muskelmasse. Ein anna effekt er at ein får meir energi, er meir fokusert og klartenkt. Dette for nettopp vera mest mogleg forbered til å ta eitt byttedyr når sjansen er der.

Intermittent Fasting

Etter desse vekene har eg gjort meg nokre erfaringar. Eg er i svært liten grad svolten, og kan gå til langt utpå ettermiddagen før eg tar mitt fyrste måltid. Har etter dei fyrste 4 dagane praktisert Intermittent Fasting 16/8. Dette vil sei at ein faster 16 timar, for så å spise den maten ein treng iløpet av ein 8 timars periode.

Korleis fungerer så det?

For meg har dette fungert bra, ofte har fasten vart lengre, og ein del dager har det bare blitt eitt måltid til dagen. Med eitt måltid til dagen så sparer eg ein del tid på å lage mat, og det er så og sei umogleg å overspise. I tillegg så får ein mange av fordelane som ein har med tradisjonell fasting. Ein del fordelar som er nemnd om ein praktiserer Intermittent fasting er;

Skjermdump frå Pinterest

Dette er nokre av dei oftast nemnde fordelane ein finner om ein søker på nettet. Dette er som ein ser mange av dei same fordelane ein seier keto diettent har, så det å kombinere desse to vil derfor vera heilt topp. https://www.dietdoctor.com/intermittent-fasting

Kosten

Kva har så menyen vore desse vekene? Eg har ete ein god del egg i ymse former, men mest omelett. Eitt par speilegg, ein avocado med litt olivenolje over, og litt grovt salt/pepper over, har ofte vore fyrste måltidet. Mykje salat i ymse former har det også blitt, feta ost og oliven er ein slager.

Til middag som er hovedmåltidet har det blitt mest viltkjøtt, noko som passar bra med tankane eg delte i ein tidlegare blogg «Kjøttetar». Har greidd å få meg fiskemiddag eitt par gonger i veka. Elles så har fantasien blitt utfordra for å finne diverse spennande tilbehøyr. Men som oftast har eg bruka brokkoli, alle typar salatar, tomat, lauk, champignon, paprika, agurk, oliven, diverse ostar, rømme og sjølvsagt olivenolje.

Har ikkje vore noko særleg lysten på snacks, men har alltid ein bolle med nøtter ståande framme. Der har eg ei blanding av valnøtter, mandlar, hasselnøtter og cashewnøtter, ein neve med det har det då blitt nokre gonger. I tillegg så har det gått med ein del heimelaga Beef Jerky av rein og elgkjøtt. For meg har dette fungert svært bra, og eg er på ingen måte lei dette kostholdet.Det har faktisk bare fått meg meir skjerpa på å finne nye kombinasjonar og oppskrifter. Her er som alltid Pinterest ein god følgesvenn. Når det gjeld drikke så har det i vekene vore kaffi, vatn og farris. Som regel 3-4 liter til dagen.

Skjermdump frå Pnterest

Angående alkohol så har eg fått nokre nye erfaringer. Vin med lite sukker er det ein bør/kan drikke, har då sett at dei mest solgte vinene her i landet ofte har svært mykje sukker. Sjølv har eg nå valgt viner med 3 gram eller mindre sukker. Vanleg øl er fy, fy på keto men Lite utgåvene kan gå i svært moderate mengder. Heldigvis er eg meir glad i vin enn øl, så det har gått greitt. Som eg hadde lest så tåler ein mindre alkohol når ein er på keto, noko som også er min erfaring.  

Trening

Når det gjelder trening og energinivå, så var det ein liten nedgang dei fyrste dagane, noko som nok tyder på eit snev av ketoflu. Men når kroppen hadde kome i ketose så har energinivået vore på topp. Har kjørt eitt opplegg med 2-3 økter styrketrening, og 3 kondis økter i veka. Energinivået har som sagt vore bra, og joggeturer på rundt ein time har vore utan problem. Kan nemne at eg har brukt pulsklokke ein del dei siste åra. Har hatt ein makspuls på 182 bpm, men greidde å makse den til 184 bpm nå for litt sidan, dette mens eg er på denne dietten.

Ein god venn driver eit firma som blant anna selger hjartestartere var nok litt bekymra for helsa mi, då eg var rundt 25 kg tyngre en det eg er nå. Han gav meg derfor ein blodtrykksmålar, og bad meg sjekke det av og til, noko eg har gjort. Har derfor dei siste 7-8 åra målt blodtrykket omtrent ei gong i månaden. Det var som ein skulle tru høgast når eg var tyngst og hadde då eitt snitt på 130 over 89 med ein kvilepuls på 60. Dette har gått gjevnt nedover i takt med redusert vekt og betre kosthald. I fjor følte eg meg i relativt god form og hadde då eitt snitt på 119 over 80 med ein kvilepuls på 55. Dette har også holde seg utover vinter og våren i år, men så tok eg ein test etter eitt par veker på keto. Fekk å desse tala 111/74/58 noko som er det lågaste eg har målt desse åra. Tok så ein ny test for moro for nokre dagar sidan og fekk eitt endå betre resultat 107/73/55 Om dette er tilfeldig eller eit resultat av keto kan eg ikkje sei, men det vert moro å fylje med framover.

Oppsummering

Den fyrste månaden på Keto diet har gjeve meirsmak. Eg har fått meg ein del nye erfaringar, og blitt betre kjent med kroppen min. Det har ikkje vore noko problem og fylje dei eitt slikt kosthald for min del, eg vil derfor fortsette med dette framover.Vert spennande å sjå korleis eg vil fungere utover hausten når det vert nokre lange dagar på jakt.

Det er i alle fall positivt at eg har noko ekstra motivasjon for å jakte slik at eg kan ha rikeleg med viltkjøtt i frysaren til vinteren.

Keto og ketodiett

Vekt og målsetting

Har dei siste åra hatt eit mål om å krabbe nokre kilo ned på vektskalaen år for år.Målet har vore å halde på muskelmasse, kanskje auke den litt, samtidig som eg redusere feittprosenten litt. I fjor haust stabiliserte eg meg på rett under 100 kg, men fekk nokre kilo i tillegg iløpet av vinteren, var på rett veg utover ettervinter og vår, men av forskjellige grunnar stoppa det litt opp i Mai. Hadde satt meg som mål å krabbe ned til rundt 95 kilo iløpet av 2019. Det kan vera mange grunnar til at ein ynskjer å slanke bort nokre kilo. Helseeffekten er ein grunn, men også det at dei fleste ting vert enklare å gjera. For meg er det ynskje om det gode liv dei neste tiåra som er hovedmotivasjonen. Skal hofter, kne og anklar fungere godt i det aktive livet eg ynskjer å leva, så vil kvar kilo eg går ned i vekt, virke positivt inn. Har i diverse magasin blant annet Men`s Health lese om Keto, www.menshealth.com/weight-loss/a27629847/weight-loss-keto-diet-muscle-100-pound-transformation/ Har også skumma diverse artikler på nettet om denne dietten.

Kva er Keto?

Keto er på ein måte ein ekstremdiett, der ein kutter særleg på karbohydrat som energikjelde. Ein reduserer karbohydratinntaket så mykje at ein går inn i ketose. Ketose er kroppens backup system for å skaffe kroppen næring når glukose-lagra i kroppen er oppbrukt, dette skjer når karbohydrat uteblir eller går ned til eitt minimum på 30-50 gram kvar dag, dette vil varierer frå person til person. Då startar kroppens sikkerhetssystem produksjon av ei rekke enzym som kan omdanne fett til keton-stoffer, ei slik fettforbrenning kallas ketose. På ein del nettsider skriver ein at ketodiett er for dei som ynskjer å gå ned 10-15 kg eller meir, andre sider operer med andre tal. Nokre kan fortelje om ein vektnedgang på opp mot 10 kg på ein månad, mens andre har fått meir moderat vektreduksjon på 4-5 kg. Kva som er realistisk og oppnå er derfor ikkje så lett å sei.

Ketodietten

Dietten fokuserer på å kutte ut så og sei alt karbohydrat i kosten, og få energibehovet dekt fyrst og fremst frå fett, men også frå proteiner. Høyres flott ut å kunne kose seg med bacon, ostar, rømme, fløte osv. Men erfaringa viser at dette kan vera svært utfordrande over lengre tid for dei fleste. Som diagramet viser så skal ketodietten inneholde ca 5% karbohydrat, 20% proteiner og 75% fett.

Dette vil sei at pasta, potet, bakevarer og mest alt som inneholder alle typer mjøl er «fy» mat. Startar ein å leser varedeklarasjonen på matvarene så ser ein raskt at det er mykje ein må kutte ut. Men ein kan glede seg over å kunne eta mest alle typer grønnsaker, kjøtt, fisk, skalldyr og ein god del frukt og bær. Eit godt oppslagsverk er Pinterest, der ein finner hundrevis av oppskrifter og matvarelister om ein vil følgje ketodietten.

Skjermdump frå Pinterest

Start på keto

Har ein bestemt seg for å prøve Ketodietten så er det nokre råd som kan vera greie å fylje.

  • Les, lær og oppdater deg om dietten, for å vera sikker på at denne passer for deg
  • Kjøp deg Ketostix for å sjekke om du faktisk er i tilstanden Ketose
  • Sjekk og eventuelt kjøp nokre vitaminer som er anbefalt om du går på denne dietten. I Norge kan ein finne dette på https://ketolyse.no
  • Les og vær klar over dei få bivirkningenein kan oppleve på ketodiett, som «ketoflu»

Ketostix

Med desse sjekker ein spor av ketonstoff i urin, noko som bekrefter om ein er i tilstanden ketose. Vitaminer og mikronæringstoff. Det er anbefalt å ta ekstra tilskudd med; magnesium,selen, sink, krom og kalsium. Litt ekstra salt er også å anbefale, sidan ein kan miste ein del vatn og bli letter dehydrert i starten av ketodietten. Dette kan føre til bla hodepine,Ketoflu (ketoinfluensa) Det er i hovedsak saltmangel som er årsaken til ketoflu, noko som kan gje influensaliknende symtomer. Litt ekstra salt i litt vatn til dagen i overgansfasen vil ofte hjelpe. Ser det er anbefalt rundt 10 gram, men dette vil også variere frå person til person. Symptom vil oftast gje seg etter nokre dager, for nokre kan dei vare i over ei veke.

Fordeler med ketodietten

Når ein er i ketose vl ofte sultfølelsen vera mindre og ein spiser automatisk mindre mengde mat. Dette skyldes at ein får stabilt lågt blodsukker når ein går på dietten. Ein vil som oftast ha mindre søtsug. Stabilere humør dersom ein vanligvis har svingende humør ved svingende blodsukker. Fettforbrenning og vektnedgang

Ulemper ved ketodietten

Hodepine, svimmelhet, trøtthet og dårleg ånde vil ein kunne oppleve mest når ein starter opp på dietten, sjå ketoflu. Forstoppelse på grunn av endret og mindre fiberinnhold i kosten. Utmattelse og mindre yteevne etter trening, dette kommer oftest i oppstart av kuren, siden kroppen må omstilles til å ta energien frå karbohydrat til fett

Alkohol

Ein kan drikke alkohol når ein er på ketodietten, men det er nokre ting ein må vera klar over. Når ein er i ketose vil ein tåle mindre alkohol, det vil sei omtrent halvparten av det ein tåler normalt. Ein må/ bør velge alkohol som inneholder lite karbohydrat for å fortsatt vera i ketose. Det vil sei at ein bør velje; Tørr kvitvin, champagne med lite sukker Rødvin med lite sukkerinnhold Reint brennevin, vodka, wiskey,rom, tequila osv Unngå vanlig øl, les innholdsfortegnelsen godt Det er nå ein del light varianter som inneheld lite karbohydrat Drikke alkohol vil derfor ikkje få ein ut av ketose dersom ein vel lavkarbo eller karbohydratfrie produkter. Men det vil uansett sette fettforbrenninga på pause når ein får alkohol i blodet. Dette fordi kroppen vil alltid forbrenne alkoholen fyrst, før den opptar fettforbrenninga igjen

Skjermdump frå Pinterest

Prøve ketodietten?

Skal eg prøve ketodietten? er spørsmålet eg har stilt meg sjølv.

Etter å ha lest meg noko opp, og følgt med på sosiale mediar så ser det absolutt spennande ut å prøve dietten. Sjølv om mitt mål i kilo å slanke vekk ikkje er så mykje som ein leser at ketodietten passer best for, så kan det kanskje vera ein «kickstart» Ser at dietten kan vera utfordrande og krevje at eg må vera svært bevist på kva eg spiser til kvart måltid.

Dette utfordrer og trigger meg til å ville prøve dietten.

Wim Hof

Styrke lungene?

I alle år etter militærtenesta der eg fekk gjentatte lungebetennelsar, 5 gonger iløpet av nokre få månader, har eg vore utsett for å få hard og langvarig hoste nokre gonger i året. Dette har som oftast skjedd når eg har blitt forkjølt, og eg ikkje greidd å bli ferdig med forkjølelsen relativt raskt.

Mykje har eg prøva for å knekke koden så eg slepp dette kvar vinter.

skjermdump fra Pinterest

Trening, tran, kvitlauk, C-vitaminsjokk, solhatt «you name it», eg har prøvd det. Men ein dag eg søkte for moro på «How to  strengthen your lunges» kom eg over Wim Hof, The IcemW

Wim Hof

The Iceman Wim Hof er ein som ofte har blitt kalla «Superhuman». Med 20 Guinness rekordar innanfor ekstremitet, særleg rundt kulde og fysisk bragder i og -under kalde forhold. Noko som gjer han svært spesiell. Det finnes svært mange videoar på YouTube om han, og om hans metode. Det er særleg tre pilarar han bygger si lære på, pusteteknikk, kald dusj/isbad og fokus/mindfulness.

Eg vil nedanfor prøve å gje ei kort innføring i kva dette går ut på.

Pusteteknikk

Dette er den metoden eg sjølv har fått tydlegaste reaksjonar på. Ein pustar djup inn med bryst og mage, for så og roleg puste ut, gjentar dette så ca 30 gonger. Er ein grei snutt på YouTube som ein kan spele av mens ein gjer denne øvelsen, der ein vert guida igjennom ei økt.
h

Ein vil etter x antal gonger kjenne ei prikking i fingrar, føtar og etterkvart i huda over heile kroppen. Nokre kan få nærmast blackout, så ein må gjere dette under trygge forhold. Så ikkje prøv dette når du køyrer bil, svømmer el. Sitt godt i ein stol, på golvet, eller ligg nede.

Med denne pusteteknikken så greier ein å simulerer ein stressituasjon i kroppen, noko som gjer at pH nivået i blodet aukar. Noko som i neste rekke gjev auka adrenalinproduksjon og adrenalin nivå i kroppen. Det er denne auken i adrenalin som på ein effektiv måte bekjemper infeksjonar i kroppen. Greier ein å kontrollere, og i praksis sjølv auke adrenalinnivået, så kan ein sjølv slå tilbake ein infeksjon -virus.

I eit forsøk fekk Wim Hof og ei gruppe av hans elever samen med ei kontrollgruppe injeksjon av E-coli bakteriar som dei sjølv greidde å nedkjempe bare med å utføre pusteteknikk -meditasjon. Kontrollgruppa måtte få tradisjonelle medisinar.
h

https://www.ibfnetwork.com/news/story/adrenalin_breathing_with_wim_hof

Nå har eg bare prøvd denne teknikken i nokre månader, men føler eg har knekt eit par småforkjølelsar i startgropa, før dei slo ut med full styrke.

Kald dusj / isbad

Dette er ein av dei andre pilarane i Wim Hof metoden. Me kjenner vel alle til at kalde bad har vore anbefalt som helsebringande heilt frå antikkens tid. Nokre sverger til isbading ei gang i veka, mens andre har gode grunnar for å la vær. Sjølv må eg innrømme at nokre minuttar med iskald dusj, etter ein god å varm dusj, aldri har frista noko særleg. Men til meir eg las -og såg om metoden til meir skjønna eg at dette kunne vera ein lur ting å legge inn i mi daglege rutine.

Her er ei liste med 15 helsegevinstar ein kan få med dagleg ta ein kald dusj

  1. Vekt tap, dette på grunn av ein stimulere å aukar det brune feittet i kroppen.
  2. Auke testosteron produksjonen
  3. Auke fertilitet,
  4. Får bedre blodsirkulasjon
  5. Styrker immunforsvaret
  6. Bedrar sirkulasjon i lymfesystemet
  7. Raskare restitusjon etter trening
  8. Motvirke depresjon
  9. Ein vil falle raskare i søvn, og får auka søvnkvaliteten
  10. Ein vil auke og få meir energisk pusting, fyller lungene heilt.
  11. Bygger opp og styrker viljestyrken
  12. Ikkje få så lett følelsesmessige svingingar I humøret
  13. Redusere stressnivået i livet ditt
  14. Auka årvakentheit
  15.  Du får bedre hud og hår

Fokusere -meditasjon

Denne delen av kva Wim Hof lærer heng mykje saman med dei to fyrste pilarane. Med pusteøvelsar vert fokuset på pusten og ein får ein boost i hormoner som gjer at ein føler seg bra. Det same er med kald dusj -isbad. Ein må fokusere veldig på pust og kontroll av kroppen. Rett og slett tenke seg varm, mens ein er i eit kaldt element.

Wim Hof har frivillig vore med på mange medisinske forsøk og testar for å bevise at ein med rett teknikk og fokus kan ha kontroll på hjernen og kroppsfuksjonar.

Ein av dei siste forsøka var seint i fjor haust på Wayne State University i Michigan. Der avansert hjerneskanning kunne bekrefte at han greidde å koma i kontakt og styre hjernefunksjonar som gjorde at kroppen produserte meir varme.

https://www.youtube.com/watch?v=YficBlvPwWQ&t=95s

Eigne erfaringar

Mitt kjennskap til Wim Hof og hans metodar har bare strekt seg over nokre månader. Så det er mykje att og lære. Tykkjer sjølv det er utfordrande, lærerikt og fram til nå berikande rutinar i livet.

Kvar vegen går vidare og om eg vert ein ihuga «disippel» er ikkje lett å spå om.

Uansett likar eg å ha eit ope sinn, for å lære seg noko nytt. Få nye erfaringar på korleis kroppen reagerer på nye øvelsar/ metodar. Å ikkje minst teste ut sine egne fysiske grenser, på ein ny og annleis måte.