Alternativ til fredagstacoèn

A

Som jeger så får eg fylt opp frysaren med kjøtt kvar haust. Det som det vert noko større mengder av for min del er reinsdyrkjøtt, elgkjøtt og hjortekjøt. Ei kvar kokebok for mannen, jegeren eller kokken som omhandlar viltkjøtt, har meir enn nok av retter å velje i for dei fine og eksklusive kjøttstykka av viltet. Er aldri noko problem å bruke, eller finne oppskrift til å tilberede indrefilet, ytrefilet, rundbiff, bankebiff mm frå ein reinsdyrbukk. Men det er ikkje dette kjøtet det vert dei store mengdene av.

Skjemdum frå Matprat sin side

Det å bruke i kvardagen 15-20 kg reinsdyrkjøttdeig, er meir utfordrande. Pakkar ein kjøttdeigen i 300-350 grams pakker så får ein 40-50 pakker med kjøttdeig, bare av ein reinsdyrbukk. Noko som gjev mest ein middag til 2-3 stk kvar veke!

Smaker

Kostholdet er som alt anna i endring med nye smaker, ny inspirasjon og trender. Med heile verdens mat oppskrifter bare eit tastetrykk unda, er dette spennende syns eg. Sjølv syns eg https://no.pinterest.com/ er fantastisk å bruke til alt frå mat oppskrifter, til å sjå på alt frå sko og ski til inspirerende ordtak. Etter eg fyrste gong smaka Fahjtas på ein tur i Florida i -88, var eg solgt. Diverse variasjoner av Tex-Mex inspirert mat vart då ein favoritt. Viltkjøtt passar svært godt her, og ein kan om ønskelig dempe noko av den utprega viltsmaken med forskjellige sauser og krydder.

Viltkjøtt

Som dei fleste veit så er viltkjøtt magert, proteinrik og i tillegg rikt på omega-3 og essensielle feittsyrer

Skjermdum frå www.Forskning.no

Men sjølv om ein er glad i viltkjøtt så kan det vera utfordrande å eta det 4-5 gonger i veka. Reinsdyrkjøtt er det kjøttet med den mest karakteristiske og utprega viltsmaken av desse 3 nemnde vilta. Minnes ungene spurte litt forventningsfulle ved middagsbordet « Er det kaupekjøtt i dag?» noko det ikkje så ofte var. Har etterkvart fått meg nokre rettar der viltkjøttet fungerar utmerket, og truleg gjer det heile måltidet meir sunt enn om ein kjøper kjøttet på butikken.

Chili Con Carn med reinsdyrkjøttdeig.

Frå www.Pinterest.com

Dette er ein veldig enkel og rask rett å lage. Er kjøttet tint og ingredienser i hus, så er gryta laga på under 30 minutt. Dette er nok til ca 4 porsjoner.

Det du treng er;

  • Ca 3-400 g reinsdyrkjøttdeig
  • 2 kvtlauk fedd
  • 1 gul lauk
  • 1 bx chilibønner
  • 1 bx Kidneybønner
  • 2 bx hakka tomater
  • 1-2 heile chili, avhengig av kor sterk ein vil ha gryta
  • 1 paprika
  • Melange,  eller  anna steikefett
  • Salt, pepper, chilipulver
  • Passer det din smak så kan ein godt ha i mais, selleri el.

Brun kjøttdeig i fett, samen med finhakka kvitlauk, ta også oppi hakka chili og lauk.

Når kjøttdeigen er lett bruna og lauken er blitt mjuk, ta så oppi bønner og tomatar. La gryta småkoke, ta oppi hakka paprika.

Eg brukar også ofte å ha i ein boks mais, eller andre grønsaker eg tilfeldigvis skulle ha i kjøleskapet.

Ein kan servere gryta utan tilbehøyr, sjølv likar eg å ta eitt par grove brødskiver til.

Vert det restar kan ein godt bruke det som basisen i taco eller fahjita neste dag.

Frå www.Pnterest.com

Saman med friske grønsaker, rømme, salsa mm. Slik som ein vanligvis brukar å server med tacoèn Brukar denne gryta oftast som kvardagsmat og då er kaldt vatn eit fyrsteval. Men ei eller to kalde Corona`s er dog ikkje å forakte inntil. 

Kjelder

  • https://no.pinterest.com/
  • https://forskning.no/forebyggende-helse-mat-og-helse-menneskekroppen-jakt-og-fangst/2012/10/reinsdyr-sunt-som-fisk
  • https://www.matprat.no/matnyttig/oppdelingsguiden/last-ned-oppdelingsplansjer/

Posts Tagged with… , , , , ,

Write a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.