Ekspedisjon nummer 58

Etter eg første gong var med som guide for BBC når dei produserte serien «The real heroes of Telemark» i 2002 har de blitt ein del turer i sabotørenes fotspor.F

Bakgrunn

BBC produksjonen var med den kjente engelske overlevelse ekspert med mange TV produksjoner bak seg, Ray Mears www.raymears.com Det at han fekk interesse for tungtvannsaksjonen var mykje takka Brian Desmond. Brian tidlegare britisk militær som på det tidspunktet hadde starta Destination Setesdal, hadde arbeid med å få til noko rundt tungtvannsabotasjen i mange år. For meg var dette veldig moro å bli med på dette, og de å få fylje ein proff BBC produksjon på nært hold var lærerikt.

I åra etter denne serien vart vist i England var det stor interesse for å gå i sabotørenes fotspor. Og då Brian fekk igang ett opplegg på dette vart eg spurt om eg ville ha ansvare for transporten ifrå Songakrysset og inn til Fjarafit. Som oftast har det vore Roger Lie, Tommy, Bjørn Lindskog og eg som har stått for denne transporten. Desse turane har vore gjennomført i månedene januar til april, og som ein veit kan været vera så ymse. På den siste turen me hadde var det vel godt over på sida som kan definerast som «grusti»

Var blåsande på Trolldalsdammen

Etter så mange turar med alt frå 8 til 20 stk som er med, er det mange forskjellige folk ein kjem borti. Det har vore nokre faste guidar som følger gruppene på ski ifrå Fjarafit og over til Vemork, via Bitdal og Møsstrond. Desse har eg blitt godt kjent med og fått eit godt vennskap med. Er jau ikkje like lett å etablere eit vennskap på nokre snøscooterturer med innlagt pause på Fjarafit eller Berunuten. Ja, sjølv med nokre felles middager og kvelder med sosialisering, så skal det som oftast litt meir tilfor å kunne etablere eit vennskap.
Men kontakt på dei forskjellige sosiale medier face, instagram og ein del mails som har gjort dette mogleg. Det nye og ofte noko «uglesette» mediene, kan ein jau bruke til så mangt.

Kven er med på desse ekspedisjonane

Som sagt har det vore mange turar med ymse folk oppigjennom åra. Har vore mest militære grupper frå England, Australia, Canada, men også nokre sivile grupper. Ein relativt kjent forretningsmann frå London har tatt turen fleire ganger, med diverse forretningsforbindelser. Ein nokså strabasiøs og utfordrende teambuilding. Gruppene går ruta på ski og dreg felles utstyr på militære sleder, i tillegg har dei personlege utstyr i egne ryggsekker. Dette for å gjera opplegget så autentisk som råd, utan å gå utover sikkerheten. Mest imponert er eg tross alt over gruppa «The Pilgrim Bandits» https://pilgrimbandits.org som er ein veledig organisasjon som hjelper såra og skadde soldater. I den gruppa som tok turen for nokre år sidan, var det sterkt skadde soldater frå operasjoner i både Afganistan og Iran/Irak. Ein hadde fått begge beina amputert etter skader ifrå ei landmine, ein var blitt blinda av kjemiske stoff, og andre hadde skuddskader og diverse andre kamprelaterte skader. Denne gruppa gjekk ikkje på ski! Denne bruka trugar, og drog dei mest skadde med seg i pulk, det samholdet og viljen til å få alle med for i fellesskap ta denne ekspedisjonen var imponerende. Dette gjekk ikkje upåaktet hen i den Britiske pressa, og dei vart som rett var, satt stor pris på når dei kom heim att.

Med slik sikt innover Songaisen er ein glad for å vera fleire sammen

Egne erfaringer

Som sagt tidlegare eit spennade, hyggeleg og lærerikt opplegg for meg. Dei 3-5 turane kvar vinter er noko eg helst ikkje vil gå glipp av. For meg er dette noko som eg etterkvart arbeider meir og meir mot, nemleg å gjera eller rettere sagt skaffe meg, lystbetont gjevande arbeid. Der grensa mellom det som er arbeid, positive lystbetonte opplevelsar og fritid, flyt sammen på ein god måte. Tysdag var det uvær i fjellet, noko som gjer alt meir spennade, utfordrande og lærerikt. Dette sjølv om eg har kjørt samme turen fleire gonger enn eg har tal på sida eg hadde mine fyrste oppdrag med transport av folk til Storheller og Fjarafit for 35 år sidan. Utstyr snøskuter, sledar, klær mm har vore svært mykje betre sidan -84. Ein har både GPS, mobiltelefonar ,skredsøkare mm. til å hjelpe seg med. Men som eg har erfart eit uttal gonger før, eg er for dårleg til å ta slikt med meg. Særleg gjeld dette på turar der eg reiknar meg «heime», men det hjelper lite med GPS med ruta etter Songaisen lagra, når den ligg att heime på kjøkkenbordet. Her ser eg eit stort potensiale i forbedring. Noko som tross alt er bra at eg ser sjølv, og at det ikkje bare andre treng påpeke at eg må skjerpe meg på.

Men oppsummert, ein ny ekspedisjon i gang. Me har gjort jobben vår, og har fått nye minne og bekjentskaper. Ein uværsdag i Haukeli har vore ein flott dag eg ikkje ville vore for utan.